Kring 40 personar kom for å høyra jærbu Arvid Mæland prate om sitt liv som reiseleiar og realitydeltakar med meir på Dickins pub onsdag kveld. Det betyr at det var stinn brakke.

Det var så godt som heilt fullt i puben på Judaberg onsdag kveld. Foto: Sigbjørn Høidalen

Arrangementet var eit samarbeid mellom Finnøy bibliotek og Dickins. På scenen sat Simen Ingemundsen i prat med Arvid Mæland om boka «Mitt liv som cowboy». Dei to turnerer med dette programmet og har tidlegare vore på Fjordbris i Østhusvik, som Øyposten har omtala.

Mæland vandra tidleg ut frå skulen, som han sa, og hadde i dag truleg blitt merka med bokstavane ADHD. Gjennom virket sitt har han vist at det går an å snu dette til noko positivt. Han slo blant anna eit slag for å koma seg opp om morgonen.

– Viss du står opp tre timar tidlegare enn ein annan, så greier aldri han andre å ta igjen det, sa Mæland.

Jærbuen jobba blant anna som klauvskjerar i Ryfylkeøyane i yngre år, kom det fram.

Bokbadar Simen Ingemundsen kjem frå Randaberg og er aktiv for tida. Allereie fredag 15. mars arrangerer han krimfestivalen «Blodig alvor» på Fjordbris.