Har fått sving på ungdomslaget – ni par var på swingkurs
Finnøy Bygdeungdomslag ville lære noko som stort sett berre den eldre garde meistrar i dag.
I fjor blei Finnøy Bygdeungdomslag stifta, etter 20 år utan slikt lag på Finnøy. Første året har vore aktivt, fortel styreleiar Halvard Bøe, og i vår stod ein ny aktivitet på kjøreplanen.
– Me har hatt swingkurs over tre kveldar på Flesjå gård, seier Bøe:
– Me var heile ni par og to instruktørar frå Rogaland Bygdeungdomslag. Mange som var med syntes det var kjekt.
Bøe sit òg som nestleiar i Rogaland Bygdungdomslag. Sidan fylkeslaget har eigne danseinstruktørar, kom han på å arrangere kurs heime på Finnøy.
– Her ute på øyane er det den eldre garden som kan å danse swing. Eg tenkte det var på tida at me yngre lærer det òg, seier Bøe.
Laurdag 15. juli planlegg lokallaget ein bryggefest der det blir mulig å praktisere lærdomen frå swingkurset. Rikelege muligheiter blir det òg for dei som har tenkt seg på landsstevenet til Norges Bygdeungdomslag, som blir arrangert i Akershus i andre halvdel av juli.
– Me har god aktivitet. Me har arrangert både kaffidrøs og konkurranse i traktorkøyring i tillegg til swingkurs, seier Bøe.
Årsmøtet blir i august, der laget treng fleire som vil vere med og gjere ein jobb.