Thomas Genthner er ny driftsleiar i Sjernarøy Maritim
Han avløyser Johnny Johannes Furre i jobben.
Thomas Genthner blei i sist veke tilsett som driftsleiar for Sjernarøy Maritim. Furre vil framleis fungera som dagleg leiar, medan Genthner vil få driftsansvaret.
Ingen nybegynnar
– Eg er svært tilfreds med at Thomas takka ja, og har stor tru på at han vil levere varene. Thomas har jobba deltid hjå oss i in årrekke, difor var det på høg tid å formalisera og å gi Thomas meir ansvar og tilliten han fortener, seier Johnny Johannes Furre.
– Heilt sidan 2016 har eg hjelpt til når det trengst her på huset. Eg kjenner til verksemda og dei forskjellige arrangementa. Slik sett har eg god kjennskap til arbeidsoppgåvene og kva som ventar meg. Den største skilnaden er at arbeidsforholdet blir formalisert, og at eg har større ansvar no, fortel Genthner. Han skal fortsetta i stillinga i barnehagen på Aubø.
Pubkveldar
– Kva tankar har du om den nye jobben?
– Eg tenker at me langt på veg kjem til å fortsetta på same måte som i dag, med dei same arrangementa. I tillegg har eg lyst å prøva med enkelte pubkveldar i løpet av sommaren. Det er mykje hyttefolk og turistar på sommarstid som eg trur ville sett pris på det. Elles blir det gjeninnføring av haustfesten. Det var Grendahuset som i si tid hadde ansvar for den, men dei siste åra har den ikkje blitt arrangert. I overenstemmelse med Grendahuset er det me som no skal syta for at det blir haustfest igjen. Ut over det er ingenting anna bestemt. Men me er alltid opne for forslag som kan skapa gode opplevingar for folk i Sjernarøy, smiler nytilsett driftsleiar, Thomas Genthner, som skal ha sin fyrste blåtur som ansvarleg neste onsdag.
– Eg er sikker på at Thomas vil syta for å sikra vidare drift, og gjera Sjernarøy Maritim til det føretrekte samlingspunktet for fastbuande og tilreisande, seier Johnny Johannes Furre.