«Glade Finnøy-menn» lagar liv i Finnøy pensjonistlag

Det duftar nytrekt kaffi og bordet bugnar av gode smørbrød av mange slag: Egg og sild, sylte og kringle. Og etter måltidet er det liflege tonar frå tekkspel og gitar.

Flinke musikkantar på pensjonisttreff. Frå venstre Sverre Jan Reilstad, Reidar Hadland, Olav Mjølsnes og Trond Spanne.
Publisert: Publisert:

FINNØY: 3 mann på trekkspel og ein på gitar dreg i gang den velkjente slageren frå 1965, «Gryta hennar mor». Og publikum stemmer i.

Det er møte i Finnøy pensjonistlag i «litlaståvå» i Fleirbrukshallen, og musikkantane er fast innslag når «dei godt vaksne» møtes tre gonger i månaden.

-Det er derfor me går her. Dei er kjempeflinke, skryt Solveig Nærland.

-Dei er kjempeflinke, synes Solveig Nærland, som skjenkar kaffi til Sverre Jan Reilstad.

Dei fire er Sverre Jan Reilstad på trekkspel, Olav Mjølsnes trekkspel, Reidar Hadland også trekkspel og Trond Spanne på gitar. Eigentleg har ikkje orkesteret noko navn, men Sverre Jan Reilstad døyper dei «Glade menn».

-Eg kan berre tre grep på gitaren, men det er nok, spøker Trond Spanne.

Men han kan nok meir, for han sørgar for ein fin komp då trekkspelgjengen set i gong. Då han gjekk på realskulen på Sand fekk han låna ein gitar av ei jente frå Suldal, og det har sett spor. Han har til og med spela saman med Kjell Flotve, som var med og grunnla 3 Busserulls.

Litt av maten som blir servert.
Egg og sild med ein liten persilledusk er ein klassikar. Sylte med røbetsalat også.

Trekkspel frå trekkspelets hovudstad

Olav Mjølsnes har kjøpt trekkspelet sitt i «trekkspelets hovudstad» i Italia, i landsbyen Castelfidardo. I denne byen, som er litt større enn Bryne, er det ikkje mindre enn eit 30-tals små trekkspelfabrikkar

-Eg fekk det akkurat som eg ville ha det, seier Mjølsnes.

-Eg ville ha eit trekkspel med ein fin musette, og det fekk eg. I Norge ville det kosta 50.000 kroner, men i Italia fekk eg det for 35.000, opplyser han.

Olav Mjølsnes har spelt mykje på dans rundt om kring. Mellom anna spela han då Tippen blei avløyst av det nye Idrettshuset på Finnøy i 1975, på åpninga der.

-Eg spela saman med Torvald Vikshåland, opplyser han.

-Spelar de til dans i pensjonistlaget?

-Det har ikkje vore dans foreløpig, men det er det ikkje me som bestemmer, seier Sverre Jan Reilstad, og fortel denne historia om ein på trekkspel som spela til dans inne i fjordane.

-I pausane underheldt han publikum, med å slåss, humrar han.

Kjent og kjært

Repertoaret er det sjefen for pensjonistlaget, Helga Hebnes som bestemmer. Lista over gamle og kjære songar ligg klar på talarstrolen: «De nære ting», «Å, var jeg en sangfugl» og «Den fyrste song er høyra fekk».

-Me pleier å avslutta med «Fager kveldssol smiler», fortel Hebnes. Songane hentar ho frå songboka «Syng med», som også er lagd ut på borda til «fri avbenyttelse».

Det brukar å vera 30–40 pensjonistar på samlingane i laget, som er tre onsdagar i månaden. Kontigenten er svært rimeleg, 100 kroner i året, men du treng ikkje vera medlem for å dukka opp.

Helga Hebnes leiar allsongen, godt akkompagnert av dei lokale musikarane.

-Det er plass til fleire, og me skulle gjerne hatt med litt yngre folk også, for dei fleste er 80 pluss, seier Hebnes.

Hebnes prøver å få lokale krefter til å fortelja eller underhalda. Maten blir laga på omgang av kvinnene i laget, men det er ikkje travlare enn at det dei må stilla opp ein gong i halvåret.

Helga Hebnes set veldig pris på at dei fire musikkantane er med.

-Det er veldig kjekt å ha dei med. Det er mykje lettare å syngja når det er musikk til, understrekar ho.