Strame karar på brua på «Ekspressen». Foto: Privat
Det var ein revolusjon då «Ekspressen» kom, og mange ville sjå han. Foto: Privat

STAVANGER: -Nå er det godt håp om at det endeleg skjer noko med «Ekspressen», seier Steinar Warland til Øyposten.

Båten som blei henta heim på lastebil frå Italia i begynnelsen av februar, heiter «Freccia del Giglio, og er omtrent maken til «Ekspressen», bortsett frå at han har styrhuset midt på. «Ekspressen» hadde styrhuset framme.

-Navnet betyr Liljepilen, opplyser Steinar Warland.

Båten fekk dei kjøpt for ein euro, men frakta heim til Tananger kosta. Frå Tananger til Stord, kor «Ekspressen» er lagra, blei «Freccia del Giglio» frakta gratis på laste- og passasjerbåten «Lysefjord».

«Freccia del Giglio», eller Liljepilen på veg til Norge. Foto: Privat

Med på siste turen til Italia var også Oddvar Oma frå Oma Slipp, som skal restaurera hydrofoilbåten og Sigurd Jansen, pensjonert økonomidirektør i Statoil.

-Båten me kjøpte har fullt brukande motor, ein Mercedes/MTU produsert i Tyskland med 1350 hestekrefter, identisk med den som i si tid stod i «Ekspressen». Det er instrumenter til styrhuset, stolar og gjennomføringsakling til foilen framme. Den kunne nemleg regulerast når båten ga full fart, opplyser Steinar Warland.

-Sigurd Jansen meiner me må få båten i fart til byjubileet i Stavanger i 2025, og det trur eg det er godt håp om, seier Warland.

-Kva med foilane?

-Ja, det må vera foilar på båten. Det er noko me fortsatt jobbar med. Me har høyrt at det skal vera foilar i Japan som kan brukast, men det spørs om me får tak i dei. Men me har teikningar, og Oddvar Oma kan laga dei for oss, held Warland fram.

Delebåten er lasta ombord på «Lysefjord». Foto: Privat
Instrumentpanelet som kan nyttast på «Ekspressen». Foto: Privat

Ei lita artig historie som Steinar Warland kom over er at «Ekspressen» opphavleg skal ha vore bygd på oppdrag for den italienske mafiaen for å gå som smugglarbåt.

Men det falt i fisk, og dermed overtok Stavangerske kontrakten, og båten blei ombygd til passasjerbåt. I dag er «Ekspressen» verna, og har fått midler både frå Riksantikvaren og fylkeskommunen. Men det trengst meir pengar, og entuasiastane bak prosjektet må prøva å få tak i meir midler slik at båten kan gjerast ferdig.

-Det er andre krav til sikkerhet i dag enn då «Ekspressen» begynte i rute i 1961. Difor kan me ikkje ha meir enn 12 passasjerar, mot 61 passasjerar då han gjekk i rute på fjordane, seier Steinar Warland.

Ruta for «Ekspressen». Den brukte bare ein halv time frå Stavanger til Judaberg. Foto: Privat

Han er også svært interessert i om nokon har bilete frå interiøret eller styrhuset, slik at detaljane under restaureringa kan bli mest mulig rette.

-«Ekspressen» er nok den raskaste rutebåten som har gått i Ryfylke. Den skal ha blitt målt til 35 knop ein gong han gjekk tom frå Sandeid, opplyser Warland, som jobba i mange år som styrmann i Jøsenfjordselskapet, mest på «Årdalsfjord», og seinare også på hurtigbåten «Fjordsol». Frå 2000 og fram til han gjekk av med pensjon, var han mannskapsleiar i Stavangerske.

Det var elles litt av eit samantreff at «Freccia del Giglio» havna på Stord. For, ifølge Warland, hadde den gått på Genfersjøen i Sveits.

-Sveitsarane var først ute med hydrofoilbåtar, og det var krefter i sving som ville restaurera denne båten. Men han som hadde pengane, døydde. Og dermed rann prosjektet ut i sanden, seier Steinar Warland.

«Ekspressen» blei bygd på verftet Leopoldo Rodriquez i Messina på Sicilia. Styret i Stiftelsen DSD «Ekspressen» består av tri medlemmer: Ingvald Løyning frå Finnøy, leiar, Sigurd Jansen og Steinar Warland.

Steinar Warland reiste til Napoli for å henta reservebåten. Foto: Privat
«Ekspressen» på land på Stord. Foto: Privat
«Ekspressen er heilt ribba innvendig. Nå startar gjenoppbygginga. Det er montert nye vindu, kor det er brukt aluminiumsskruar på grunn av vekta. Foto: Privat