Under prøvene i dag, laurdag, melder dei regn. Under sjølve påskevandringa i morgon, palmesøndag, skal det bli opphaldsvær, svak vind og gløtt av sol.

– Værvarselet ser bra ut. Me er veldig spente på kor mange som kjem, seier Tor Øyvind Skeiseid, ein av drivkreftene bak den årlege påskevandringa på Finnøy.

I fjor kom det 1400, men det var ekstraordinært. Arrangørane er fornøgde viss det kjem kring tusen.

– Me er godt førebudde for å ta imot mykje folk. Me har blant anna ti parkeringsvakter, seier Skeiseid.

Oppmøtet er søndag mellom klokka 12 og 13 i klyngetunet på Nordre Vignes. Der blir publikum delt i grupper på kring 100 som blir sendt ut i puljar langs ei løype nordover mot Apalvika. Undervegs blir det sju stopp der ulike deler av påskeevangeliet blir gjort levande av skodespelarar frå søndagsskulen.

Dei som vil kan avslutta vandringa med grilling i Apalvika.

Å utstyre seg med gode tursko kan vere lurt. Det er sannsynleg blautt i bakken på stiane utover på Vignes.

For dei som kjem med bil er det verdt å merke seg at Kvitevikvegen er stengt på grunn av rassikring, og at Kyrkjeskarvegen er veldig smal. Det beste alternativet er difor å køyra til rundkøyringa på Nådå og ta vegen over forbi Leikvoll.

– For dei som kjem frå tunnelen skiltar me nordover til Nåda, seier Skeseid:

– Me oppfordrar finnøybuar til å samkøyra og eventuelt bruke beina. Eit alternativ er å parkera utanfor Emmaus i Steinnesvåg og gå dei to kilometerane bort til Nordre Vignes.

Til alle som søkjer seg mot Vignes palmesøndag formiddag, har han dette enkle rådet:

– Ta omsyn og lystra alle med gul vest.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no

Påskevandringa på Finnøy starta opp i 2006 som ei lita markering for søndagsskulen. Så har det balla på seg og blitt eitt av dei største påsekearrangementa i Rogaland.

For å avvikle årets vandring er kring 80 aktørar i sving på og utanfor skodeplassane.

Kart som viser tunet på Nordre Vignes: