Oddgeir Bruaset på turne til Sjernarøy, Fogn, Finnøy og Rennesøy

Mannen bak «Der ingen skulle tru nokon kunne bu», Oddgeir Bruaset kjem på turne til øyane. Svein Østhus frå Fogn har lagt opp eit travelt program med 22 stopp på to veker.

Publisert: Publisert:

FOGN: -Eg trur mange har lyst til å høyra han, seier Svein Østhus til Øyposten.

-Han har nettopp kome ut med ny bok kor han skriv om korleis det har gått på mange av plassane som han har vore innom, legg Østhus til.

Det er Svein Østhus som har lagt opp programmet for den folkekjære tv-programleiaren og forfattaren, og det er litt av eit program: 22 stopp i løpet av 14 dagar.

-Han kallar meg for mentoren sin, mens eg reknar meg som støttespelaren hans, opplyser Svein Østhus.

Svein Østhus, «mentor» og «støttespelar».

Østhus har både teke på seg oppgåva med å laga programmet for Bruaset, og å transportera han rundt. Dei to er etter kvart blitt godt kjent, og Bruaset skal overnatta hos Østhus på Fogn.

Etter diverse stopp ned langs Vestlandet, dukkar dei opp i Rogaland kor dei skal besøkja både Fogn, Sjernarøy, Finnøy, Rennesøy og Helgøy i Hjelmeland. For å nemna nokre av stadene han skal innom.

Til Fogn kjem Oddgeir Bruaset den 15. november, og blir med på eldretreffet i kyrkja der. I Sjernarøyane kjem han til eldresenteret på Aubø den 19. november, og han skal også kåsera på Utsyn på Finnøy den 29. november, i produsentlaget til Tine.

Før det skal han i Fleirbrukshallen på Finnøy den 16. og i biblioteket same dagen, og den 21. november blir det mat og kaffi og kåseri i Kulturhuset Meieriet i Vikevåg. Den 23. november kjem han til sjukeheimen på Finnøy.