Spelte på Tippen, nå kjem dei til Innbyggartorget

Måndag om halvanna veke spelar duoen «Di du vett» opp på Innbyggartorget på Judaberg. Begge musikarane har spelt på gamle Tippen, og vil henta fram igjen svisker frå den tida.

Sveinung Tou (t.v.) og Gunnar Helgesen spelte i bandet «Cherrox». Nå kallar dei seg «Di du vett» og kjem til Innbyggartorget på Finnøy.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Sveinung Tou og Gunnar Helgesen spelte begge i bandet «Cherrox», som spelte opp til dans på mange av ungdomshusa i området. Både på Tippen, på Østhusvik, i Årdal og i Aubøsund, for å nemna nokre.

Mandag 24. oktober kjem to av medlemmene i «Cherrox» til Innbyggartorget, og skal ha konsert der for aldersgruppa 60+.

-Me kjem nok til å henta fram igjen nokre songar frå den tida, seier Sveinung Tou til Øyposten.

Han huskar opptreden på gamle Tippen med glede.

-Det var veldig kjekt å spela på Finnøy. Scenen var veldig smal, og lokalet var stappfult av folk og tjukt av røyk. Då dansen var godt i gang utpå kvelden var det som om heile huset dissa, minnes Tou.

Bertalinga for å spela på Tippen på førsten av 70-talet var 800 kroner, noko som blei ein god hundrelapp på kvar.

Nå dukkar to av dei opp igjen på Finnøy. Det blir middag, dessert og kaffi, og kanskje kan det også bli ein svingom for dei sprekaste. Arrangementet begynner klokka 13 og varer eit par timar. Det er frivilligsentralen i Finnøy og Ragnhild Valand som er arrangør, og det er påmelding.