Difor er himmelen over Rennesøy knall-lilla

Dei siste dagane er det mange som har opplevd ein intens lillafarge på himmelen over Hanasand, og mange har brukt mobilen for å dokumentera den unike fargefesten. Men kva er det eigentleg som er årsaka til dette?

Slik såg himmelen over Rennesøy ut 21. desember. Bilete er tatt frå Holmastø på Fogn.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Folk som bur i Ryfylke er vane med å sjå fine solnedgangar og alskens nyansar av raudt/oransje/gult, men fargen som eksploderte på himmelen enkelte kveldar før jul, var ulik alt anna. Mange har lurt på kva fenomenet skuldast.,

Eksklusivt fenomen

Svaret er nærare enn ein skulle tru.

– Denne intense lillafargen er synleg berre nokre får dagar i året, så eigentleg er dette eit ganske eksklusivt fenomen, smiler Stig Jakob Hanasand.

Han held fram:

– Det har seg slik at lillafargen kjem frå ledlysa i den delen av drivhuset kor dei nye plantene står. Lyset blei installert i mars men er ganske intenst akkurat no fordi plantene er små og absorberer ikkje så mykje lys. Nå plantene veks og blir større absorberer dei meir lys og mindre blir reflektert ut i rommet. I tillegg er det kvit plast på golvet som forsterkar lyset. Og når då skydekket i tillegg er «rett» og skyene reflekter lyset ned igjen, blir denne intense lillafargen ekstra tydeleg på himmelen.

Sparer straum

Så då fekk me svaret på det, og veit kva som skjer når himmelen over Rennesøy blir knall-lilla neste jul.

Hanasand fortel at ledbelysning i veksthusa gir 50 prosent meir lys og 40 prosent mindre straumforbruk.

Publisert: