Fakta om Øyposten

Øyposten er ei lokalavis for Ryfylkeøyane. Primært dekningsområde er øyane som høyrer til Finnøy og Rennesøy kommunedel i Stavanger kommune.

Redaktør er Rune Nedrebø, og avisa har i dag fem tilsette. Avisa blei ein del av Schibsted-konsernet i juni 2021. Papiravisa kjem ut kvar torsdag, og har 48 utgjevingar i året. Avisa har over 1600 abonnentar.

Øyposten blei starta som eit kommunalt informasjonsblad i 1970, men blei eit sjølvstendig aksjeselskap hausten 1999. I 2020 fylte avisa 50 år. Saman med Øyposten er nettavisa Randaberg24 ein del av Øyposten AS.

Øyposten sine lokaler på Judaberg, Finnøy. FOTO: Iris Elin Ullvang