Ja, Finnøy ligg nå i Boknafjorden omkransa av Talgje, Fogn, Halsnøy, Ombo og Sjernarøyane. Finnøy var sin eigen kommune, det var Sjernarøy òg. Før dei gjekk saman til ein kommune. I dag har me havna i Stavanger kommune. Den siste ordføraren me hadde, var Henrik Halleland. Ein triveleg og god ordførar. I dag er han varaordførar i Stavanger, så, skomakar bli ved din lest.

Ting forandrar seg, især på gardane. Der bonden hadde både dreng og tjenestejenta om sommaren då det var travelt i slåtten. Ikkje slik i dag, då bonden tek telefonen så kjem ein traktor og slår graset. Deretter kjem ein ny maskin og lagar kvite ballar, som går under navnet traktoregg. Sjølv går bonden på arbeid i bygda.

På mange gardar står fjøsa tome. Nå skriv dei på nyheitene at det er for lite mjølk og egg.

Elles er Finnøy fin, folk trivest og byggjefelt er det, og meir blir det. Finnøy har òg fine dalar, for eksempel Fugledalen, der «bjørkorna susar», Haradalen, Musadalen, Jammerdalen og Nådedalen, ja, og Kjerringdalen. Eg bur på Faa, og når ein ser seg om er det Nåden og Faa på Finnøy.

Tok du den?

Harald.