Telefon er ein ting som er svært mykje brukt. Alle, så og sei, har ein telefon på seg, kor ein kan ringe til kvar og ein. Nyheter og vêrmelding er gjerne ting du vil ha greie på, opplysninga gir svar på alt.

Under min oppvekst og under mine 7 skuleår frå 1943 til 1950 var det ikkje telefon på skulen. Men me fekk radio, ein stor ting, me skulle høyre skulekringkasting.

Tilbake til telefonen. Me hadde telefonsentral, den låg på grensa mellom Nådå og Kvame. Der var telefondamer som Serine Hetland, Edle Sjursen og fleire med dei. Sentralen opna kl. 8.00 til kl. 21.00. Så blei den stengt til kl. 23.00, då kom nattklokka på. Søndagar og store helgedagar var telefonen stengt. Var det omgåande hjelp, måtte ein køyre til telefondamene og få dei til å opne.

Eit tilfelle var det ein doktor som kom heim og fann kona livlaus. Han fekk legebåten til å ta henne til sjukehuset i Stavanger. Doktoren ville ha kontakt med sjukehuset, men telefonen var stengt, det var sjølvaste 17 mai. Han fekk tak i to spreke ungdommar som sprang til Reilstad, der dei feira 17 mai det året. Dei nådde fram, fekk tak i Serine, i ein bil til sentralen.

Telefonen var slik at me måtte vera 3–4 stk. på same linja. Når telefonen ringde, måtte ein høyra ringa, ein kunne ha 1 ½ ring, ein annan 3 ring. Me hadde 4 ring heime. Skulle ein ringe ut, var det 2 ring til sentralen. Til stader utanfor Finnøy hadde sentralen eit heilt anna apparat. Eg trur ikkje ein kunne ringe verken til Rennesøy eller Fogn.

Damene på sentralen fekk tak i mange historier når dei kunne følge med på samtalane, men dei hadde visst tausheitsplikt!

Der var fleire historier, eg kan ta med ei. Ein mann frå bygda ringde sentralen, han sa det slik: Eg skal ha Tau, ikkje der dei lagar mjølet, men der dei bryggjer ølet. Og så held de kjeften, sa han til telefondamene.

Harald.