Til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, kommunalminister Erling Sande, fylkesordførar i Rogaland Ole Ueland og ordførar i Stavanger Sissel Knutsen Hegdal

Dei ferjeavhengige øyane i Finnøy kommunedel i Stavanger kommune fekk ei solid negativ oppleving da fleirtalet i Rogaland fylkesting på slutten av 2023 vedtok å gjeninnføre betaling for reisande med bil på fylkesvegferjene i Rogaland.

Det var med både sjokk og vantru at med registrerte at Rogaland Fylke ikkje lenger ønska å vidareføra den statleg finansierte modellen med betalingsfri bruk av ferje for å øyfolket.

Vedtaket i fylkestinget vil få direkte negative konsekvensar for næringsliv og privatreisande frå Sjernarøyane, Ombo, Halsnøy, Bokn, Måløy, Byre og Fogn, øyar som sidan år 2000 hatt ein negativ utvikling av folketalet.

Demografiutfordringane har blitt ekstra store etter at prosjekta Rennfast og Finnfast har blitt realiserte. Dei ikkje landfaste øyane har på ein måte blitt enda meir distrikt og utkant i aktive Rogaland fylke.

«NOU 2020: 15 Det handlar om Norge – Utredning om konsekvenser av demografiutfordringar i distrikta» er ein omfattande og nyttig rapport for oss i distrikta. I rapporten blir det peika på at ordning med gratis ferjer som til dømes nabolandet Sverige har, kan vere eit positivt verkemiddel.

Gleda blei difor stor då regjeringa bestemte at ferjetakstane skulle setjast ned, og at dei miste ferjesambanda skulle bli gratis å bruka. Finnøysambandet blei gratis, og me har heilt klart registrert positive effektar for næringsliv og bulyst. Rogaland Fylke har fått kompensert bortfallet av billettinntekter av staten, dermed har ikkje denne ordninga påverka Rogaland fylke sin økonomi i negativ retning.

Me som bur på desse øyane og som nå mistar denne ordninga, stiller oss svært undrande til at Rogaland Fylke med eit knapt fleirtal og med bare eit pennestrøk kan reversera ordninga som regjeringa har lova distriktsøyane. Grendalaga på øyane er ikkje partipolitiske, men me tillet oss å stilla spørsmål om dette har utvikla seg til å bli eit taktisk spel om distriktspolitiske virkemidlar?

Både Rogaland fylke og Stavanger kommune har nå eit styringsfleirtal som består av Høgre, Frp, KrF og Venstre. Blir øyane våre eit offer for eit politisk spel?

Grendalaga på øyane i Finnøy kommunedel har tydelegvis liten påverkingskraft inn mot fleirtalet i Rogaland fylkesting, og me har heller ikkje blitt kontakta med tanke på høyringsuttale før vedtaket blei gjort. Det har ikkje vore noko dialog mellom ferjebrukarane og fylkespolitikarane

Me ber difor om at Stavanger kommune så raskt som mulig går i dialog med Rogaland fylke for at innbyggarane og næringslivet i kommunen ikkje skal bli skadelidande. Me ber også om at Kommunaldepartement og Samferdselsdepartementet kjem med ein klar og tydeleg presisering overfor Rogaland fylkeskommune om korleis regjeringas ordning med gratis ferje skal gjennomførast.

Me har nå fått eit tilbakeslag og fryktar på vegner av distrikta at ordning med gratis ferjer vil dunsta bort før den får tid å verka ordentleg. Er det så enkelt at fylkeskommunen med kun eit simpelt fleirtal kan omdisponera pengar frå denne statlege kompensasjonsordninga?

Øyane i vår kommunedel har eit godt ferjetilbod, men ulempene med ferjer er at dei bare kjem til kai ut frå ein rutetabell, og sambanda er ikkje døgnopne. Dette gjer at næringslivet har ekstra kostnader og utfordringar, som gjer at konkurransen med fastlandet heile tida er tøff. Då ferjebruk blei gratis, blei det eit løft på linje med at til dømes bompengeinnkrevjing for bru og tunnel hadde blitt avslutta.

Me ser ordning med gratis ferje som ei suksesshistorie og eit enkelt og effektivt distriktstiltak. Me har registrert at fleirtalet i fylkestinget ønsker å setja ferjedrift opp mot hurtigbåtdrift. Dette synest me er upassande og lite konstruktivt. Ferja er vegen for all rullande trafikk, medan hurtigbåtar er for passasjerreiser frå både øyar og fastlandsområde.

Grendalaga ønsker at styresmaktene på dei ulike beslutningsnivåa nå viser ansvar og sluttar å kaste beskuldningar i ulike retninga. Me på øyane taper på dette, og innbyggarane veit ikkje lenger kven ein kan stola på.

Ordninga med gratis ferjer går ei svært uviss tid i møte om regjeringa ikkje set strenge krav til fylka korleis dei skal nytta statstilskotet. Me ser det som mest naturleg at staten ikkje lenger vil kompensera for utgifter som fylket ikkje lenger har, og då blir vel alle taparar til slutt?

Me på øyane synest i alle fall at det er på grensa til galskap om hovmod skal føra til at distriktsnæringslivet nå skal få tilbake utgifter som staten i utgangspunktet vil dekke innanfor sitt budsjett. Rogaland er eit kraftig og robust fylke med god vekst, men distrikta i Rogaland er sårbare. Denne saka må kunne løysast ved at kommune, fylke og stat opprettar ein ordentleg dialog.

Sjernarøy Vekst ved Jeanette Vik

Ombo Vekst ved Nils-Ove Bjustveit

Halsnøy Grendalag ved Jon Fredrik Hardtvedt

Fogn Grendalag ved Ole Klingsheim

Bokn/Måløy/Byre Grendalag ved Harald Wiig Bjørn-Nilsen