I etterkant av koronaviruset måtte fleire bedrifter, idrettslag og foreiningar betale tilbake deler av den såkalla koronastøtta. Dei hadde fått støtte av staten, men så viste det seg at dei ikkje trong støtta. Dermed kom kravet om tilbakebetaling.

Rogaland fylkeskommune har også fått støtte av staten – ein solid sum på nesten 26 millionar kroner totalt i 2022 og 2023. Dei får støtte av staten for å kunne tilby gratis ferjetransport i distriktet. Men nei da – Rogaland fylkeskommune vil sjølvsagt ha støtta frå staten, men å bruke pengane på det som støtta er tiltenkt, det er dei ikkje interessert i.

Ein må nok vere høgt oppe i politikken for å kvila godt etter ei slik avgjersle.

Rogaland fylkeskommune har gått med hundrevis av millionar i overskot dei siste åra. 15 millionar for å oppretthalde gratis ferjetransport er – med all respekt – ein fis i verdas potte for dei. Det er openbart at dette ikkje handlar om økonomi. Dette går på ein politisk tanke om at dei som bur i distriktet ikkje er så viktige når alt kjem til alt. Eit velfungerande kollektivtilbod – om det så er hurtigbåt eller ferje – er alfa og omega for me som bur og lever i distriktet.

Det står ikkje på festtalar og fine ord om verdiskaping, gründerverksemd og arbeidsplassar i distrikta. Å bruke den statlege pengestøtta på det som den var tiltenkt for – gratis ferjetransport – kunne vore eit sterkt signal på at festtalar er meir enn berre fine ord. Utan handling er festtalar ikkje meir verdt enn skiten under skoen. Rogaland fylkeskommune bør snu.

Høyr på dei som er aktive i næringslivet på Kvitsøy, Halsnøy, Fogn og andre øyer. Høyr på dei som bur på øyane. Det er dei som veit kor skoen trykker i denne saka. Gratis ferjetransport skaper forutsigbarhet, betre rammevilkår og meir romsleg lommebok, for både mannen i gata og for dei som gjer sitt ytste for å skape arbeidsplassar på øyane i fylket vårt!

Me vil ha lys i husa rundt på øyane. Om dette er malen som Rogaland fylkeskommune setter for distriktspolitikk, så vil fleire øyer meir likna ei mørklagt spøkelsesøy med tida.

No ser det ut som at aksjonsgruppa har hatt eit positivt møte med finansminister Slagsvold Vedum. Me kan skimta øyremerka middel i det fjerne. Men dette treng ikkje gå så langt.

Ta fram fjellvettregelen i denne saka, sjølv om me ikkje er på fjellet, men på ferjekaien: Det er inga skam å snu!

Bjarne Ydstebø, Talgje/Kvitsøy