I Norge har me lang tradisjon for rettferdig fordelingspolitikk, og eit ønske om å ta mest mulig av landet i bruk.

Ei av dei mest effektive og rasjonelle former for å jevne ut driftsulemper for næringslivet er differensiert arbeidsgivaravgift. Etter at me blei ein del av ein bykommune, forsvann vårt vesle fortrinn. Nå er alle dei ikkje landfaste øyane i Stavanger flytta frå sone 1a til 1. Det gjer at arbeidsgivarar må betale 14,1 prosent i avgift til staten på arbeidsløner, mot tidlegare 10,6 prosent. Nå har me same sonesats som Oslo, og høgare sats enn andre deler av Ryfylke.

Finnøy kommunedelsutval var saman med varaordførar Dagny Sunnanå Hausken i eit møte med kommunaldepartement vinteren 2022, der målet var å få endra dette. Me fekk til svar at dette var vanskeleg i forhold til EU sitt regelverk og så vidare. Men derimot jobba regjeringa for å finne avbøtande tiltak der gratis ferjer for distrikta ville blir vurdert.

Ordning med gratis ferje blei gledeleg innført, og har verka ei stund. Næringslivet får slik sett dekka litt av tapet som høgare arbeidsgivaravgift medfører. Ordning med gratis ferje for kysten blei faktisk først lova av Sylvi Listhaug. Ho kalla ferjetakstar for bompengar til sjøs. Dette håper eg at Frp sine fylkespolitikara ikkje har gløymt.

Tal frå 2021 viser at i nabolandet vårt Sverige var 40 av 41 ferjesamband i det offentlege vegnettet gratis. Slik sett kan me sei at rike Norge diltar sakte etter.

Regjeringa har gjort eit løft for distrikta gjennom til dømes svært gode jordbruksoppgjer. Ut frå dette var det mest uverkeleg for meg å lesa om den finurlege kreativiten som fleirtalspartia i fylket vårt utøver. Om Rogaland fylke er svoltetfora på pengar, skal væra usagt. Eg er relativt langt nede på varamedlemslista til fylkestinget. Eg føler meg likevel trygg på at Ap vil vurdere dette ut frå det som er moralsk rett i høve regjeringas lovnad om gratis veg over sjøen.

At Høgre, Venstre, KrF og Frp ikkje klarer å gjere ei politisk og økonomisk avklaring om korleis kollektivtrafikken skal organiserast etter gjeldande økonomiske rammer, er ansvarsfråskriving satt i system. Det er deira jobb via Kolumbus eller andre å drifta samferdselstrafikken smartare og meir kostnadseffektivt. Den politiske kreativiten er nå å «stele» av statens rammer som dekker gratis ferjer for så og omfordele midla til drift av hurtigbåt og buss.

Reisande med hurtigbåt er i hovudsak skule- og arbeidspendling mellom Judaberg, Tau og Stavanger. I tillegg er det private reiser til nødvendige sentrumsnære ærend og deltaking i møter, kulturarrangement, idrettsarrangement og besøk til slekt og vener. For dei som ikkje har muligheit til å kjøra bil, er hurtigbåt svært viktig.

Næringslivet på øyane er ikkje særleg avhengig av hurtigbåt. Innsatsfaktorar i næringslivet kjem med godsbilar, og produserte varer blir frakta med godsbilar ut frå øyane. Bygg- og anleggsbransjen nyttar eigne maskinar eller driftsbilar med utstyr for alle mulig oppdrag på øyane.

Me på øyane høyrer lite kva finnøybuen meiner om fylkets vurderingar. Ville det vore like greitt å innført ein «solidaritetsskatt» på 20 kroner i Finnfast?

Det som til slutt skuffar meg aller mest er at me fram til no ikkje har høyrt noko frå vår eigen ordførar eller varaordførar om dei vil slost for utkantsnæringslivet som i dag sjølv med gratis ferjer har dei desidert dårlegaste rammevilkår for i drive næring i heile Stavanger kommune. Er dette også bevisst politisk ansvarsfråskriving?

Eg kan vel eigentleg ikkje gjera så mykje meir enn å koma med ei bøn til det politiske fleirtalet. Vær så snill og gjer ein anstendig vurdering av rammevilkåra for næringsliv og investeringsevna på dei øyane som i dag er avhengig av ferje som bilveg.

Om de er politisk usamde med regjeringas distrikts- og næringspolitikk, så let ikkje øyane tapa i kampen om verdiskaping og etablering av framtidige lokale arbeidsplassar. Politikarar kan ha ein tendens til å gløyma kva som blir lova, men innbyggjarane og veljarane gløymer ikkje så raskt.

Jon Olav Runestad,

tomatgartner og lokalpolitikar