Me markerte inngangen til det nye året i beste tradisjon med festrakettar. Eg såg til rakettoppskytinga på Judaberg frå kommunens beste utkikkspunkt; Eikefjellet. Andre stader i verda var rakettane av heilt anna slag, ei fortsetjing på gru og fortviling.

Første dag i eit nytt år er alltid ein dag til ettertanke. 2023 er blitt historie. Kva 2024 vil bringa for kvar enkelt av oss, det veit me lite om! Kanskje heldigvis. Verda rundt oss verkar meir ustabil enn nokon gong. Krig og truslar om meir krig når oss i media, og nyhenda om konfliktar, drap og uroligheiter i vårt eige land, er også daglegdags. Uro, frykt og mismot kan snika seg inn i hjarte til oss alle. Bibelen har ei oppfordring til oss: «Lær oss å telja våre dagar, så me kan få visdom i hjarta». Ein annan stad seier den at «dette er dagen som Herren har gjort». Kvar dag me får, er ei gåve frå Han som har skapt oss og gitt oss livspusten.

Så korleis vil eg og du bruka dagen i dag og alle dagane som kjem dette året? Og korleis kan me bruka desse dagane me får til beste for dei rundt oss, og til og for samfunnet me er ein del av?

Alt dette kan ein ha både makro- og mikroperspektiv på. Det handlar om dei små og store vala heime og i samfunnet me er ein del av, og i verda me lever i. Når me zoomar ut, ser me at me har vore blant dei heldigaste i verda i velstand, rikdom, naturomgivelsar, fred og tryggleik. Likevel, her heime kan kvardagen ramma svært ulikt i bygd og by, i velstand og fattigdom, i venskap og uvenskap, gleder og sorger, fysisk og psykisk helse og uhelse, i einsemd og relasjonsrikdom, og elles i det som handlar om livet vårt.

Kanskje vart det store omveltingar for deg i året som ligg bak oss no. Dei fleste av oss har kanskje opplevd at livet på eit tidspunkt tok uante vendingar, kanskje på grunn av død, sjukdom, skilsmisse, og anna som vart vanskeleg. Me veit ikkje kva det nye året vil bringa nokon av oss. Men me kan be om visdom; til å telja dagane, til å bruka den gåva dagen er til det beste for familie, vener, naboar, småsamfunnet og storsamfunnet.

Her kan me bidra alle; ung, midt i livet, og gammal. Kongen poengterte «vi» i nyttårstalen. Dette «vi»-et har ei enorm kraft saman. Me kjem mykje lengre i lag enn åleine. I kommunedelen vår er det så mange som står på for andre; det handlar om næringslivet som skapar jobbar for andre, alle tilsette i ulike bransjar, alle dei som produserer maten vår, og alle som bidreg gjennom alt det gode arbeidet som frivilligheten gjer i idrett, kultur, ulike organisasjonar, kristen verksemd, møteplassar for eldre og så bortetter.

Meg og deg som er mottakar av ulike tenester og får oppleva ulike sider av alt dette, er også ei viktig brikke. At nokon treng tenestene er jo avgjerande for at tilbodet er der. Så kom, sei ja, takk for invitasjonen, delta, sjølv om kan hende kreftene og innsatsen ikkje er den same som før. Fellesskapet, «vi»-et, består av oss alle.

Eit nytt, blankt år handlar også om å prioritere; tid til det viktigaste, tid til fellesskap – dei små og nære, og dei større. Og kanskje også litt tid med Han som er større enn oss.

Gratulerer! Eit heilt nytt og ubrukt 2024 ligg framføre oss. Ta det i bruk!

Med ynskje om alt godt for det nye året til alle innbyggarane i kommunedelen vår!

Sissel Marie Bjerga

Leiar i Finnøy kommunedelsutval