Måndag klokka 21.00 stenger vallokala i Finnøy fleirbrukshall, Rennesøy innbyggartorg, Mastrahallen og resten av landet. Samstundes kan dei første resultata og prognosane frå valdagen offentleggjerast. Meiningsmålingar tyder på at det i Stavanger kan bli eit politisk skifte, men ingenting er sikkert. Kor mange av dei 67 representantane i det nye kommunestyret som vil ha adresse i øyane, er særleg usikkert. Det blir spennande.

Finnøy og Rennesøy ligg geografisk kan hende i periferien, men politisk solid planta i sentrum. Både ut frå resultatet for fire år sidan og ut frå kven som stiller til val no, er Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti ruvande parti i øyane. I Finnøy fekk dei til saman reint fleirtal sist. For Stavanger samla er dei to sentrumspartia små og kjempar om å kome over den nasjonale sperregrensa på 4 prosent.

Øyane har fleire felles problemstillingar som vil krevje talspersonar i styre og stell. Ei sak er styrkinga av kraftnettet og spørsmålet om jordkabel kontra luftspenn. Ei anna sak er korleis finansiere skular med små klasser. Ei tredje er alle fylkesvegane her ute som skrik etter vedlikehald og fleire gang- og sykkelvegar. Her kan me minne om at det måndag òg er fylkestingsval.

Spesifikke saker for Rennesøy er bussrutetilbodet og to kommunale bygg i Vikevåg som kjem opp i neste periode; Nye Meieriet og eit helsehus. Spesifikke saker for Finnøy er ferje- og hurtigbåttilbodet pluss Øyfast, det vil sei om kommunen skal greie ut grunnlaget for bruer og tunnelar til fleire øyar.

Val handlar òg mykje om verdisyn. Vil ein ha universelle løysingar i skule og helsestell slik at folk slepp å stå med lua i handa? Eller vil ein kutte eigedomsskatten og gje folk friare taumar for å løyse ut skaparkraft? Eit nyare skilje går mellom dei som ønskjer eit fossilfritt næringsliv og dei som vil utvikle olje- og gassnæringa. Sistnemnde standpunkt er frå programmet til Industri- og Næringspartiet, som etter meiningsmålingar kan bli ein nykomar i Stavanger kommunestyre.

Me minner om at me i kommuneval kan påverke ikkje berre gjennom å stemme på eit parti, men òg gjennom å stemme på personar. I tillegg til å kryssa av for personstemme til ein eller fleire på lista kan du føre opp namn på inntil 16 kandidatar frå andre lister.

Mykje står på spel. Godt val!

Sigbjørn Høidalen

redaktør