I mine unge år og oppvekst hadde me ein godsleg nabo. Han var god å fortelja, han fekk det så levande.

Han fortalde om ei gravferd ein gong på 17-hundretalet. Ein mann frå Suldal tok farvel med denne verda. Folk i Suldal visste han var dårleg, så dei gjekk i gong med ølbryggjing og brenning av sprit. Skulle det vera gravferd, skulle ingen ting mangla.

Dagen kom då han drog sitt siste sukk, og bygdafolket måtte gjera det som gjerast skulle. Dei fekk tak i presten og gravaren, gravferdsdagen blei bestemt etter at presten fekk smaka på gravølet. Dagen før gravferda, bar dei kista ned til vatnet, og sette den i eit naust.

Dagen kom, bygdafolket samla seg i heimen. Dei som ikkje kom inn, venta utføre, og nokre på loftet. For når det sang på siste verset, då rulla dei på øltønnene som skulle med. Det var mange som sørgde tungt, dei blei ikkje med ned til vatnet – ølet hadde gjort sitt inntog.

Vel nede kom dei seg i båtane og tok til å ro. Eit stykke utpå ropa dei til kvarandre om liket var med. Det var det ingen som hadde. Liket var gløymt, dei måtte ro tilbake.

Framme ved kyrkjegarden fekk dei gubben i grava. Ein del som var både fulle og dårlege – dei andre lurte på om det svarte seg å ta dei med heim. Dei spurte om det ikkje gjekk for det sama, men presten var ikkje enig i det forslaget.

Deretter var det tilbake til sørgjeheimen og fortsetja festen. Og så lurte dei på kven som stod for tur!

Harald Få

P.S. Det var Nils O. Vela som hadde denne historia. Han døde då eg stod konfirmant i 1950.