Torleiv Hebnes si historie om då kong Haakon ikkje ville helsa på han:

Etter at krigen var slutt i 1945, skulle kong Haakon reisa rundt på besøk til dei største byane i Noreg. Då tida nærma seg at han skulle besøkja Stavanger, kom ungkaren Sigurd på rundt 50 år opp til mor og spurde om eg som var 11 år då, kunne få vera med han til byen for å sjå når kongen kom. Eg fekk lov til å vera med, for mor visste at han var snill med oss borna. Han likte å vera med oss og spela krokket, og det var alltid kjekt når nokon vaksne tok seg tid til det.

Me reiste med rutebåten frå Reilstad klokka ni om morgonen, så me kom nok til byen litt for tidleg, men det var kjekt å gå rundt i byen og sjå.

Kong Haakon skulle koma med båt til fisketorget hadde me fått vita. Me gjekk i god tid og fann oss plass i gata ovanfor torget, slik at me hadde god utsikt. Der var mykje folk, men mestedelen av folket var nok samla der dei trudde båten til kongen skulle leggja inntil.

Sigurd meinte at me hadde betre utsikt om me stod ved eit torgbord, så me flytta oss dit. Me såg båten la inntil, og at kong Haakon med følgje kom på land. Dei vart ståande ei stund, så såg me at politimeisteren med kvite hanskar peika rett på torgbordet me stod ved. Heile flokken kom opp dit me stod og kongen helsa fint på den velkledde torghandlaren og fekk smaka på noko av det han hadde for sal. Me hadde då trekt oss litt til side frå bordet.

Då kongen var ferdig og skulle gå vidare, var me berre ein meter frå han. Sigurd var frimodig og spurde kong Haakon fint «Kan eg få lov å helsa på deg?» Kongen såg på han og tok han fint i handa. Sigurd smilte og bukka veldig fint. Det gjorde også folk som stod i nærleiken.

Så såg kongen litt på meg. Men eg var berre 11 år, og liten av vekst, og med hendene i lommene, sa Sigurd etterpå. Då me reiste heim med rutebåten, sa Sigurd til meg: «Hadde du ikkje hatt hendene i lommene, hadde han sikkert helsa på deg òg, men no er det for seint.»

I ettertid er det litt morosamt å tenkja på kor nær eg var å få helsa på kong Haakon.