Drengen

Det var ein bonde utpå Jæren som hadde ein nokså stor gard, så litt hjelp trong han. Han likte å utnytta drengene så godt han kunne, så dei blei ikkje så lenge hjå han. Nå hadde han fått ein ny dreng, stor og kraftig, det likte bonden. Når det var middag, langa drengen innpå mat, det likte bonden mindre.

Ein dag, etter ein god middag, foreslo bonden om dei skulle ta kaffitida med det sama, så slapp dei heftast med det. Det er i orden, sa drengen. Dette likte bonden, så han foreslo at dei også skulle ta kveldsmaten med det sama. Det er greit, sa drengen.

Nå gjekk det lite mat i han, såg bonden.

Så gjekk drengen opp på rommet sitt og la seg på senga. Bonden ropte på drengen, meir arbeid venta. Det er greit sa drengen, men når eg har ete kvelds er eg fri for dagen.

Arbeidsky

Mi mor kunne fortelja morosame historier. Ho fekk eit langt og godt liv. Født på Jæren i Varhaug kommune, adresse Vigrestad, i 1906. Døde i 2005, 99 år gammal.

I ungdommen fekk ho huspost i Sandnes. Ho treivst godt, Sandnes var jærbuen sin by den gong. Her trefte ho ei nygift dama, dei blei gode vener. Mannen til dama var ein vanleg arbeidar, men etter ei tid minska arbeidslysta. Til slutt blei det heilt stopp. Kona blei heilt fortvila, noko måtte dei leva av. Ho meinte at han burde gå til legen for å finna kva som feilte han.

Først ville han ikkje, men ho gav seg ikkje. Til sist hamna han på legekontoret kor han blei grundig undersøkt. Doktoren fann ingen feil. Det som feilar deg, sa han, er at du er lat. Kom deg i arbeid.

Du doktor, spurte pasienten, kva heiter lat på latin, i tilfellet kona mi lurer?

Harald.