Ein av sommarens store debattar handlar om dei nordiske kosthaldsråda som oppfordrar oss til å eta mindre raudt kjøt av berekraftsomsyn. Men matproduksjon i Norge har andre utfordringar enn i mange andre land. Det tek ikkje dei nordiske kosthaldsråda høgde for. Senterpartiet meiner at matproduksjonen må bygga på lokale tilhøve.

I Danmark er det 66 prosent dyrka mark. I Norge det tre prosent. I resten av landet vårt er det mykje utmark. Den kan beitedyr nytta. Difor er norsk raudt kjøt ein viktig del av maten me et. Klimagassutslepp frå beitande dyr er låge, krava til dyrevelferd er strenge i Norge, og det er låg bruk av medisinar i matproduksjonen i høve til andre land.

Når Putin kan redusera storleiken på verdas matfat frå Kreml burde alle få auga opp for kor avgjerande sjølvforsyning og matberedskap er. Dessverre er omsynet til matberedskap og evna vår til å produsere eigen mat fråverande i dei nordiske kosthaldsråda som vart presentert før sommaren.

I Norge treng me å auka sjølvforsyninga av jordbruksmatvarer. Betre Grasdyrking, og auka produksjon av norske proteinråvarer i kraftfôret. Me må og auka produksjonen av korn, frukt og grønt. For å få det til er eit styrka tollvern viktig.

For Senterpartiet må berekraft og handla om sjølvforsyning. Berekraft handlar om langsiktig og berekraftig bruk av ressursane. Å slutta med raudt kjøt for å erstatta det med import frå andre land er kortsiktig og det gjer oss meir sårbare, i staden må me ta ansvar for vår del av verdas matfat.

Ingen kan verken kjempa, leika eller leva på tom mage. Senterpartiet gjer det me kan for å sikra maten din og den nasjonale matberedskapen.