Eg elskar jul! Litt pompøst å bruka det ordet, men no til dags elskar ein jo både marsipan og snø og kva det måtte vera. Vanlegvis brukar eg for min del elskar bare om mann, barn og barnebarn!

Forventninga, julesongane, pynten, alt gjer meg glad!

Eg startar med forventninga, for den likar eg svært godt, men tykkjer at noko vert borte viss huset er pynta for tidleg. Vert litt oppgitt når julemarsipanen dukkar opp i oktober og juletrea er pynta i november. Men har innsett at me er forskjellige og eg kan halda på mitt i min heim.

Adventskalendar og adventslys er nedteljing til sjølve jula og minner oss om at der er eit høgdepunkt i julefeiringa.

Den fyrste jula vår i framandt land, i Marsabit nord i Kenya, var ei svært annleis jul. Der var ingen ting som minte om jul rundt oss, tenkte eg. Ingen julepynt eller julebakst, ikkje noko glitter, heller ingen nissar nokon stad.

Butikkane selde sukker og mjøl som alltid, ingen varer bar preg av at det snart var jul. Men så gjekk det opp for meg at omgjevnaden der var faktisk mykje likare den fyrste jula enn det eg var van med heime i Noreg.

Her var marker der sauer og geiter beitte, her var gjetarar og ikkje minst, her var mørkt, fans ikkje lysstøy, bare ein fantastisk stjernehimmel.

Julafta var som alle andre dagar. Men fyrste juledag tidleg om morgonen begynte juleførebuinga.

Då vart geita slakta, den som me skulle eta til middag i kyrkja. I varme strøk utan kjølemuligheter må kjøtet vera ferskt, må veta.

Kyrkjegjengarane kom i flokk og fylgje. Nokre hadde alt vore ved brunnen og henta vatn, dei fleste hadde nok kokt seg ein stor kopp te med mykje melk og sukker i på bålet inni huset.

Juleevangeliet var akkurat likt det eg var van med heimefrå, men på eit anna språk, om Frelsaren, Guds son, som kom til jord som eit lite barn.

Julesongen var også kjensleg. Den gamle tanken om at dei vestlege tonane var dei rektige prega ennå forsamlinga, men heldigvis var der begynt ei oppvakning om at tradisjonelle tonar også kunne formidla dei bibelske sanningane.

Julemiddagen var svært uvant, men veldig smakfull. Geita var godt kokt med krydder og grønnsaker og vart servert dampande på store metallfat og folk sat i ring i graset og kosa seg med møyrt kjøt.

Eg lærte mykje. Mellom anna at fellsskap er viktigare enn privat feiring i jula.

Den siste jula vår i Marsabit, vart også ei annleis jul.

Me hadde opplevd to væpna ran det året, eit i huset vårt ein kveld og eit langs landevegen nokre månader seinare. Eg vart veldig redd og kjende noko eg ikkje hadde kjent alle dei åra me hadde budd i Kenya, eg kjende frykt og uro.

Då eg pynta til jul det året var det utan glede. Eg hugsar eg fann fram dei kjære tinga og tenkte at det vert aldri gildt å pynta til jul att. Det ga meg ei bitte lita aning om korleis det er å leva med truslar, vera på flukt og oppleva krig rundt seg.

Heidi Strand Harboe si julevise minner oss om at ikkje alle bur på den grøne greina.

Kvelden pakkar seg kring husa, stilt og tidleg mørknar det. Nokon er på flukt der ute, la dei finna julefred.

Me har ly og lys og varme, nokon manglar hus i kveld.

Rør vår evne til å dela, dela kjærleik, mat og eld.

Salig jul , kom hit og finn oss, til me strekkjer hand og arm, slik at ingen treng å frysa, gjer vår vilje ny og varm.

I det minste bur det store, det som verda ventar på. Kom til alle oss som leitar, vis oss vegen me skal gå.

Gjev oss fred i kropp og tanke, kjærleik, kom og finn oss att, verda treng til lys og varme, snart så er det julenatt.

Salig jul , kom hit og finn oss, til me strekkjer hand og arm, slik at ingen treng å frysa, gjer vår vilje ny og varm.

Du som mangla ly og husrom, barn på flukt og heimlaus mann, du som kom med håp og kjærleik, rør vår vilje du som kan.

Salig jul, kom hit og finn oss, til me strekkjer hand og arm, slik at ingen treng å frysa, gjer vår vilje ny og varm.

Rør ved våre stengde hjarte, opna dei til me kan gje av den kjærleiken du deler, vis oss veg til julefred.

Gledeleg julehøgtid frå Ellen Gudmestad Gard