Den siste månaden har eg nesten kvar dag gått med denne teksten på brystet.

Det har gjeve meg stor merksemd, og har på ein enkel måte kome i kontakt med ganske mange, kjende og ukjende, der eg har fore fram. «Du likar Kari»? vert det gjerne innleia med. Eg kan då lett svara at det skal vera sikkert at eg gjere. Dei fleste svarar då at det gjere dei og. Har ikkje registrert ein einaste som seier det mottsatte. Ikkje alle har lova å stemma på Kari, men lovorda om våre kjære ordførar har vore mange og det høyrest ut som dei fleste kunne tenkt seg henne til ordførar dei neste fire åra også.

Då er det slik at meiner ein noko med at ein vil ha Kari til ordførar, så må ein stemma på henne på ein eller annan måte.

Best og enklast er det då å ta Arbeidarpartiet si lista og putta den i urna. Då bør ein også hugsa på å kryssa kandidat nr. 13, Hanne Vasshus frå Sjernarøy og nr. 48 John Kåre Søyland frå Talgje.

Elles kan ein bruka lista til eit av Kari sine erklærte koalisasjonsparti, SP, SV, FP, MDG eller Rødt og helst gje Kari ein slengar.

Skal Kari vera sikker på bli ordførar i Stavanger dei neste fira åra må ho ha 33 andre representantar som støttar henne i det nye kommunestyret. Då har me slikt å gjera:

Sørga for at AP, SV, SP, FP, MDG og Rødt får stemmer nok.

Me må heller ikkje gløyma kyrkjevalet!

Godt val!

Ottar Sandanger