Det politiske fleirtalet på fylket har foreslått å auka inntektene med 15 millionar kroner ved å avslutte ordninga med gratis ferge til ikkje-landfaste øyar. Me trur at dette er uklokt av fleire grunnar:

  • Gratis ferge vart gjort mogeleg gjennom ei ekstraløyving frå nasjonalt hald. Dersom Rogaland no vel å ikkje bruka midlane på det som var intensjonen bak tildelinga, kan ein risikere at ekstraløyvinga blir fjerna. Då vil «vinninga gå opp i spinninga», og ein sit at med å måtte betala på fergene, utan at fylket i praksis tener ei krone på det.

  • Det er særleg næringslivet i Finnøy kommunedel som vil lide dersom ein igjen må byrje å betale på fergene. Tiltaket med gratis ferger har i ei viss grad vege opp for høgare arbeidsgjevaravgift etter kommunesamanslåinga i 2020. Difor blir det ekstra feil at nettopp våre bedrifter skal sitje igjen med rekninga når fylket må spara pengar.

  • Det politiske fleirtalet i Stavanger kommune seier i si politiske plattform at dei vil «bidra til busetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling i dei minst sentrale deler av kommunen». Dersom fylket kutter ut dei gratis fergene, vil det i praksis bety ein stikk motsatt retning av dette.

I eit budsjett på 9000 millionar kroner bør det finnast ein annan, betre og ikkje minst smartare måte å spara desse 15 millionane. Særleg med tanke på at ein risikerer å «gå i null» om ein mister overføringar frå staten som ein fylgje av denne «innsparinga».

Sissel Marie Bjerga, KrF, leiar Finnøy kommunedelsutval

Håvard Østhus, KrF, Finnøy kommunedelsutval