Øyposten har dei siste vekene hatt mange oppslag, både intervju og lesarinnlegg, som har sett søkjelys på handteringa av ulike forsøk på utvikling av landbruket lokalt. Leiar og nestleiar i kommunedelsutvalet i Finnøy har også blitt kontakta om mange av desse sakene via kommunen sine innspel-sider på nettsida. Kommunedelsutvalet var med i handsaminga av den nye og offensive handlingsplanen for landbruket, og var glad for at denne vart vedtatt i desember av Kommunalutvalget. Difor les eg med uro sakene som no kjem på rekkje og rad i Øyposten. Lokale landbruksverksemder, som prøver å utvikla drifta til å verta meir økonomisk berekraftig, og til å ta vare på lokal kunnskap og kystkulturen vår, ser ut til å møte motstand på same landbrukskontor som utarbeidde den nyleg vedtatte handlingsplanen. Denne planen var utarbeida saman med næringa sjølv, men ser ikkje ut til å bli lagt til grunn når det kjem nye forsøk på å utvikla gardane. Kommunen har, gjennom samarbeid med TEAL, støtta kompetanseløftet Gardsgründer for å utvikla landbruket. Då er det underleg å sjå at landbrukskontoret rår ifrå tiltak som både Gardsgründer og handlingsplanen er positiv til og støttar.

Jordlova er den lova som tydlegast gjev kommunane ansvar for matberedskap og landbruksproduksjon. Den angjev mål for landbruksdrifta, og er bakgrunn for kva som kan inngå i landbruksformålet i kommuneplanen. Det er vedtatt praksis i Stavanger kommune at saker som gjeld landbruket skal vurderast av landbrukskontoret. Dei har fått delegert mynde frå politikarane til å avgjere om eit tiltak stemmer med rettleiinga frå regjeringa. Ansvaret ligg likevel på politikarane til å styrkja landbruksnæringa i heile kommunen, og vurdere dei verkemidla som må til.

I juni 2023 blei kommuneplanens arealdel vedtatt. Her viser tydeleg landbruksinteressene og kva landbruket kan få lov til. Heilt konkret seier kommuneplanen at Stavanger kommune skal følgja «Garden som ressurs» som er regjeringa sine føringar for tilrettelegging for landbruk. Denne rettleiaren seier at kommunane skal leite etter, og utnytta, lokale og naturgitte forhold. Her er det oppramsa ei lang rekkje med døme på tiltak og verksemder som kommunane kan tillata som ein del av naturleg landbruksdrift i sine LNFR-område. Då blir det underleg at me vedtek ein offensiv handlingsplan for landbruket, men ser bort frå denne når søknadane skal vurderast.

Handlingsplanen må oppfattast som eit styringsdokument som gir klare signal på retning vidare, og som må brukast for faktisk å leggja til rette for at landbruksområde i heile Stavanger kommune kan bløma og utviklast vidare. Det må gjelde både store og små gardsbruk med ulikt potensial for å sikra lønnsam drift. Når ein bonde får ei negativ uttale frå landbrukskontoret som rår frå landbrukstiltaket, er i praksis saka lagt død med ein gong. Det vil jo vere underleg om statsforvaltaren ikkje støttar kommunen sine vurderingar som trass alt skal ha gjort dei faglege vurderingane på kva som kan løyvast av tiltak i sine område? Spørsmålet blir då korleis kan kommunen utnytta handlingsrommet som kommuneplanen, Garden som ressurs og handlingsplanen for landbruket gjev, til å skapa optimisme og tiltakslyst i landbruket i heile kommunen.

For dette handlar om mykje meir enn berre eit lite tiltak for den enkelte bonde. I det store og heile handlar dette om rekruttering til landbruket, busetjing, utvikle arbeidsplassar, samfunnsutvikling, matproduksjon, samfunnsberedskap, og ikkje minst om å ta vare på både kulturen vår og kulturlandskapet. Det gjer garden til ein ressurs i lokalsamfunnet, og det treng me!

Sissel Marie Bjerga

Leiar i kommunedelsutvalet, KrF