Året som har gått har vore rikt på hendingar for Øyposten. Den 2. mai tok eg over som redaktør utan å kjenne til noko eller nokon her ute på dei grøderike øyane. Den 1. august starta Silje som journalist, nesten utan erfaring frå yrket. Me har hatt bratte læringskurver.

Den 1. oktober overtok Polaris Media som hovudeigar, og den 13. november fekk me betalingsløysing på nettet, for å nemne to andre banebrytande datoar. I løpet av vinteren går me over til Polaris sine system, der alt skal vere i boks innan utgangen av april. Me håpar du som lesar vil merke minst mulig skurr på lina. Me har stor tru på at Polaris vil vere ein god eigar for oss.

Den største kapitalen min i oppstarten har vore nysgjerrigheit. Eg let meg fasinere nesten like mykje kvar gong det legg til ein stor båt ved kaien på Judaberg som driv med lakseavlusing eller eitt eller anna.

Vidare prøvar eg å snu bakdelar til fordelar. At eg har så lite lokalhistorisk ballast kan vere ein fordel, tenker eg, når me skal lage ei lokalavis for både Finnøy og Rennesøy. Sjølv om eg bur på Finnøy, er eg svært glad for at me har Rennesøy. (Eg er ikkje sikker på at alle finnøybuar ville sagt det på den måten.) Det gjer tilfanget av interessante saker minst dobbelt så stort, og det gir oss håp om å vekse slik at me som lita lokalavis står betre rusta for framtida.

Debattane som har rasa i haust om betaling på ferjene i Finnøy, og om rehabilitering av kulturhuset i Vikevåg, har vore ein sann svir for eit avissinn som mitt. Eg trur at eit ope ordskifte om slike saker er bra, og det vitnar i alle fall om eit levande lokalsamfunn. At ingen gadd bry seg, hadde vore mykje verre.

Rett før jul fekk me nyheita om at Lyse har gått tungt inn på eigarsida i selskapet som vil bygge ein biogassfabrikk på Finnøy. Veka etter kom den meir overraskande nyheita om at Biogy Solutions planlegg å bygge ein fleire gonger så stor biogassfabrikk på Mosterøy. Begge prosjekta heng saman med at øyane har eit aukande overskot av husdyrgjødsel, og at det er eit overordna mål å redusere utslepp av klimagassar. Her er det relevant å lese seg opp både på norsk kanaliseringspolitikk frå 1950-talet og på dei ferske resultata frå klimatoppmøtet i Dubai. Desse sakene skal det bli svært spennande å følgje.

Redaksjonen i Øyposten har som nemnt hatt eit uvanleg lærerikt halvår. Året som kjem byr på mange muligheiter. Me som jobbar i lokalavisa for Ryfylkeøyane har aldri vore betre førebudd.

Kjære lesar: Godt nytt år!

Sigbjørn Høidalen, redaktør