I lesarinnlegg i Aftenbladet og Øyposten blir det sett fram påstandar som ikkje er korrekt i samband med betaling på ferjer i Rogaland. Me ønsker derfor kort å presisera kva som var bakgrunnen for vedtaket og vurderingane me har gjort.

Rogaland får 119 millionar kroner mindre i inntekter på grunn av regjeringa si endring av inntektssystemet. Det er mykje pengar og betyr at når ein skal lage eit ansvarleg budsjett så må dei pengane takast frå ein annan plass i budsjettet. I fylkesdirektøren sitt forslag til budsjett var det mellom anna føreslått store kutt i hurtigbåttilbodet. Hurtigbåtane er eit viktig transportmiddel i Rogaland. Dei er med på å binda fylket vårt saman gjennom effektiv transport på kryss og tvers av fjordar, øyar og fastland. Det å ha eit hurtigbåttilbod bidreg til bulyst i tettstadar og bygder på ein måte som bussar ikkje fullt ut vil kunne erstatte i nær framtid.

Då Høgre, Frp, KrF og Venstre arbeida vidare med fylkesdirektøren sitt forslag til budsjett var me einige om at det var viktig å behalda så mykje av hurtigbåttilbodet som mogleg. I dei diskusjonane var me alle einige om at det var betre at flest mogleg faktisk fekk behalda dei avgangane som me har i dag, enn at ferjene var gratis både for køyretøy og passasjerar. Me skulle gjerne beheldt betalingsfritak for køyretøy på ferjer, men med dei kutta regjeringa har gitt Rogaland så måte me gjera nokre vanskeleg prioriteringar. Det er viktig å presisera at det framleis skal vera gratis for passasjerar å reisa med ferjene.

I vedtatt budsjett er det kutt i alle sektorane i fylkeskommunen. Skulle me funne desse pengane med å kutta meir andre stadar, så hadde det gått ut over noko anna som til dømes vidaregåande opplæring, vedlikehald av fylkesvegar eller tannhelse. I nokre lesarinnlegg er det ei misforståing om at fylkeskommunen har eit udisponert overskot som ein berre kan forsyna seg av utan at det har konsekvensar. Dette er midlar som me brukar til å eigenfinansiera investeringar. Tar me meir av desse midla inn i den ordinære drifta av fylkeskommunen, så må me ta opp større lån for å finansiera investeringar i betre skulebygg, kollektivtiltak og tryggare fylkesvegar. Det er ein kortsiktig og lite sunn økonomisk politikk.

Me forstår godt at det er frustrasjon mot å måtte betala for køyretøy på ferjer, fordi ferjene er vegen for mange. Det er heilt naturleg at folk seier tydeleg ifrå om kva dei meiner. Det skal me som folkevalde lytta til, sjølv om me ikkje har midlar til å oppfylla alle ønsker. Så registrerer me at nokre av lesarinnlegga handlar om å plassera «skyld» på enkeltpersonar eller enkeltparti. Me har gjort dette grepet for å bevara hurtigbåtane. For at me, sett på spissen, meiner det er viktigare at båtane går enn at dei er gratis. Det er eit tiltak som alle våre parti står bak. Det er ei vanskeleg, men nødvendig, prioritering.

Erlend Jordal, gruppeleiar Høgre

Svein Erik Indbjo, gruppeleiar Frp

Anne Kristin Bruns, gruppeleiar KrF

Kjartan Alexander Lunde, gruppeleiar Venstre