Det var Edle Wettergren som dreiv pensjonatet. Edle var enke og hadde ei dotter som heitte Rigmor.

Noko måtte ho leva av, derfor pensjonatheim. Dette var òg ein plass å gøyma seg for tyskarane under krigen. Ofte var dei på leit etter folk, men kom aldri på å besøke Wettergren sitt pensjonat.

Det var ubegripeleg kor mange der var plass til. Far huska ei jenta som kom til pensjonatet, hennar navn var Trine Torkelsen. Ho var ofte på Faa i sin barndom. Mi mormor var ofte god med barn, ho ga dei fløytekoddla som var svært god. Då Trine hadde ete opp sin del, hadde ho lust på meir. Men då var skåla tom, likt fordelt.

Krigen tok slutt. Det var godt, for tyskarane var på jakt etter ei engelsk dama med ei dotter på 5–6 år. Ho budde hjå Wettergren, og tyskarane fann ho ikkje.

Seinare selde Edle huset og fekk seg eit nytt hus på Hauskje. Dette huset har vore selt fleire gonger, her har fleire dyrlegar budd, samt Osmund Salvesen som var rektor på Rygjabø Amtskule.

Harald.