Dette skal vera ei sann historie.

Det var hjå Øglend Sykkelfabrikk i Sandnes. Der var det ein del arbeidsfolk, og dei trong stadig nye folk. Slik blei det at ein frå Haugesund fekk jobb.

Dei han arbeide saman med blei ikkje heilt klok på denne karen. Han var god på kjeften og visste å svara for seg. Men dei lurte på om han var ærleg, derfor ville dei testa han.

Då fredagen kom og alle fekk lønning, la dei fem kroner ekstra i posen hans. Haugesundaren sa ingen ting.

Neste fredag la dei fem kroner for lite, då var han ikkje sein om å gje beskjed. Lønningssjefen måtte innrømma kva han hadde gjort.

– Men sei meg, fekk du ikkje fem kroner for mykje førre fredag?

– Ja, ja, det var nok så, sa mannen:

– Det går an å gjera ein feil, men når det blir to gonger synest eg det var best å sei frå!

Harald Få