I Øyposten torsdag 14. desember kunne ein lese løysinga fleirtalet i Stavanger har kome fram til om utviklinga i Vikevåg sentrum. I samband med at brikkene i kommunebudsjettet har falle på plass før vedtak i bystyret 18. desember, sit eg som innbyggar i Rennesøy kommunedel og arbeidstakar i Vikevåg med fleire enn eitt spørsmål til denne planen.

Det undrar kanskje fleire enn meg at «fleirtalet vil gjere ei total vurdering av behov og bruk av kommunale bygg i Vikevåg sentrum». Basert på min kortvarige erfaring frå kommunal sektor har eg konspirert fram ein teori om at fleirtalsutvalet ser på utviklinga av Vikevåg sentrum som ei gullgruve reint møtemessig. Det førre utvalet brukte fire år på møter, planlegging og wienerbrød og var nær målstreken. Dette kan det nye utvalet umogleg sjå som rettferdig, og ved å revurdere behova og bruken av dei kommunale bygga i Vikevåg har dei no sikra seg møteaktivitet i ei ny fireårsperiode.

Noko av grunnlaget for teorien er at medlemmene i fleirtalsutvalet ikkje veit kor Vikevåg er. Dette kan dei bruke fleire møter på å finne ut av. Eller, eg veit om to i utvalet som kan ha nytta seg av apoteket i Vikevåg ved eitt eller fleire høve, det er kanskje difor Helsehuset skin fram som den mest naudsynte oppgraderinga. Eg veit også at nokre av medlemane i utvalet har lokale interesser, det er berre at dei ikkje har dei på Rennesøy. Til dømes blir det i budsjettforslaget litt uventa bevilga Finnøy kommunedel 25 millionar for å oppgradere helsehuset, der dei har eit trøblete toalett. Og alle veit at toalett er naudsynt, enten du veit kor Finnøy er eller ikkje. Heis til eit bibliotek i andre etasje derimot: Ikkje naudsynt.

Konspirasjonen blir vidare underbygd av meldinga om at «brukerne av Meieriet skal involveres tett i den videre planlegging og utforming av kulturhuset Meieriet». Her har utvalet heilt gløymt at gamle Rennesøy kommune var tidleg ute med å kople seg på fibernettet. Møtereferat frå dei fire siste åra ligg nemleg på Stavanger kommune sine heimesider. Der står det mellom anna at brukarane av Meieriet; ungdommar, helsetenester, foreninger, lag og bedrifter allereie har vore tett involvert i planlegging og utforming. Brukargruppemøter er det siste leddet i ei fleirfaldig rekkje tidlegare møter (og wienerbrød). Klart dei vil at vi skal gløyme at dei allereie har vore gjennomført.

Om ein overfører møteverksemd til kroner kan ein jo i same slengen idémyldre om kva andre pengar og ressursar som allereie er brukt på å kome dit me er i dag: Befaringar, teikningar, målingar, køyregodtgjersle, møtetid, møtemat (wienerbrød), Mozell med meir.

På bakgrunn av dette har eg teke meg fridomen å setje opp eit forslag til budsjett over bruk av dei 10 millionane som fleirtalet skal løyve:

  • Køyregodtgjersle for diverse representantar, befaringer, handtverkarar med meir: 35.000 kr

  • Brukargruppemøter, inkludert pizza, brus, med meir: 100.000 kr

  • Div. utlegg med lønn med meir: 2.000.000 kr

  • Arkitekt; befaringer, målingar, teikningar med meir: 3.000.000 kr

  • Heis (?): 1.000.000 kr

  • Diverse kost i forbindelse med møter (mat): 500.000 kr

  • Ny innreiing i forbindelse med flytting av biblioteket: 1.850.000 kr

  • Uventa kostnader og forseinkingar: 1.500.000 kr

  • Måling og maskeringstape: 15.000 kr

Fleirtalet impliserer i meldinga etter forhandlingsmøtet at dei ti føreslåtte millionane er ein god startsum for 2024, og at det kan kome meir i 2025 og 2026. Det blir uironisk spanande å sjå kva summar dei forhandlar fram då, og om det eventuelt blir råd å kjøpe nokre penslar til målinga.

Alvilde Tobiassen, Rennesøy