STAVANGER: Overtakinga skal etter planen skje frå nyttår, og prislappen er 3,5 millionar kroner.

Hovudårsaka til at kommunen vil overta vannledninga, er at det vil kunna leggja til rette for å etablera ein ringforbindelse nordover mot Sjernarøyane.

Undervannsinspeksjon av vannledningen mellom Finnøy og Sjernarøy i 2021 viste at ledningen har stor fare for brot eller skade. Ledningen blei reparert i 2011, noko som ifølge Stavanger kommune var ein komplisert og tidkrevande operasjon på grunn av djupna og straumforholda.

Kommunen meiner difor det er viktig å planleggja for å sikra vannforsyninga nordover i kommunen.

Ei overtaking av vannledninga til Fjordvatn vil også åpna for muligheten for å utvida forsyningsområdet, noko som vil bli vurdert i forbindelse med den nye hovedplanen for vannforsyning, som kommunen nå jobbar med.

Kostnaden med å overta vannledningen vil bli fordelt på kommunens 60.000 abonnentar. Den 10 kilometer lange vannledningen leverer vatn til 158 abonnentar på Bokn, Måløy, Tjørn, Byre og Halsnøy. Ifølge kommunen vil overtakinga også bety at det blir billegare å knyta seg til vannledninga.

Tidlegare styreleiar i Fjordvatn, Olav Halsne, er godt nøgd med at saka nå blir landa.

-Det er absolutt ein fordel for folk på øyane her at kommunen overtek, for Fjordvatn kan ikkje og har heller ikkje lov til å utvikla ledningsnettet vidare, seier Halsne til Øyposten.

Avtalen med Fjordvatn skal opp til politisk behandling i kommunen med det første.