Haustkos på leikeplassen
Øyposten møtte ein gjeng frå Hagatoppen barnehage på leikeplassen på Judaberg.
Det bognar av frukt i trea på leikeplassen på Judaberg.
Denne gjengen frå Hagatoppen barnehage nytta måndag formiddag til å plukke eple og pærer rett frå treet.
Alle saman såg ut til å like frukta, men det er framleis mykje att i trea.
Dette er eit godt høve for barna å lære kor frukta kjem frå før han kjem i butikken.