Vil byggja CO2-terminal på Talgje

Tor Arne Gard og Svein Terje Galta, i samarbeid med selskapet Horisont Energi på Forus, har planar om å byggja ein CO2-teminal på Talgje. Torsdag presenterte dei planane for Stavanger-politikarane.

-Dette sparer oss for mykje tid, seier Tor Arne Gard, eigar av Gard Maskin.|Tor Arne Gard under presentasjonen i Stavanger.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

TALGJE:

-Eg opplever at prosjektet vårt blei veldig godt motteke, seier Tor Arne Gard til Øyposten etter møtet.,

Planane går ut på å byggja ein mottaksterminal for CO2-gass frå Europa i området ved Talgje Rensefisk. Gassen skal fraktast til Talgje på skip, og pumpast derifrå og ut i gamle oljebrønnar i Nordsjøen.

Området, som det blir bedt om blir tatt med i kommuneplanen som industriområde, er på totalt 113 dekar dekar. Ifølge Tor Arne Gard blir det lokalt på Talgje bare omtalt som "heia", av den grunn av det ikkje er hus eller hytter der.

-Det er viktig i forhold til eit industriområde, meiner han.

Tor Arne Gard opplyser at anlegget kan gi 20-30 arbeidsplassar, viss det blir bygd. Han opplyser også at næringsområdet på Ladstein er blitt vurdert, men funne for lite. Dessutan kan det oppstå konfliktar i forhold til bustader og hytter der.

 Næringsområdet på Talgje. Det er her, i nærleiken, at CO2-fabrikken kan koma.

-Vår rolle blir å tilretteleggja området. Det er eit stor prosjekt kor me sannsynligvis må lena oss på andre når det gjeld masseforflytning, men me tek sikte på å ha ei leiarrolle i å tilretteleggja området, seier Gard vidare.

-Det er også viktig at det er konkurranse frå andre stader i landet om å byggja slike anlegg, så her må politikarane kjenna si besøkelsestid, seier han.

-Når kan det stå ferdig?

-Horisont Energi ynskjer å ha anlegget klart i 2026, opplyser entreprenøren frå Talgje.

Mesteparten av utstyret som trengst til bygging av anlegget på Talgje, vil bli frakta til øya på lektarar eller båt. Dermed er ikkje den relativt trange Talgje-tunnelen noko problem. For å frakta gass ut til Nordsjøen må det mellom anna leggjast ein 180 kilometer lang gassledning.

-Kva med Talgje Rensefisk, vil det kunna eksistere side om side?

-Ja, dette anlegget vil liggja så langt unna at det ikkje blir noko problem. Tvert om kan det vera gevinstar å oppnå for havbruksanlegget, meiner Tor Arne Gard.

Under presentasjonen i Stavanger ville Anders Fjelland Bentsen (ap) og John Peter Hernes (h) vita om andre områder som Risavika, Mekjarvik eller Hanasand var vurdert.

Ifølge Holmer er korkje Mekjarvik eller Risavika aktuelle, mens det er god dialog med eigarane av industriområdet på Hanasand. Men det er mellom anna kor vêrutsett området er, som avgjer, sidan gassen skal fraktast til anlegget på skip.

-Men det er ein fordel å ha fleire muligheter, seier Holmer.

Publisert: