Butikken på Halsnøy er 110 år, og fortsatt i full vigør

Det er 4. generasjon Ørnes som no held liv i den tradisjonsrike butikken på Skartveit. Kanskje blir det den siste.

Anita Ørnes og svigermor Wenche Ørnes har styrt butikken i lag i 25 år. ||Anita trekk i alle trådane. At grønsaksdisken ser frisk og innbydande ut er viktig.|Aud Halsne f.v, Hildegunn Halsne og Brita Gjerde meiner det hadde vore dårleg stelt på Halsnøy utan butikken.|Svein Langeland går aldri  inni butikken med skitne sko. - Eg er godt opplært , smiler han.|Anita Ørnes trekk i alle trådane. Frønsaksdisken må alltid sjå frisk og innbydande ut.|Det er ikkje ofte ein ser; at kundane tek av seg skoa før dei går inn i butikken.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

HALSNØY

: Anita og Kjetil overtok butikken etter foreldra hans, Wenche og Johannes Ørnes, for 18 år sidan. Wenche som snart er 81 år held framleis koken, og stiller på jobb kvar morgon. Ho har eller ingen tankar om gi å seg så lenge helsa held.,

 Anita trekk i alle trådane. Grønsaksdisken må alltid ajå frisk og innbydande ut .

Alfa og omega

Butikken på kaia har vore det viktigaste knutepunktet på øya i alle desse åra, og er det framleis. Fredag i sist veke blei 110 års jubileet feira med marsipankake og kaffi.

- Kva skulle me gjort utan butikken? Den er rett og slett heilt avgjerande for livet på øya

- Utan butikken, ingen vekst.

Aud Halsne, Hildegunn Halsne og Brita Bjerga veit å setta pris på butikken. Dei har sett seg godt til rette med kaffi og kake, og legg ikkje skjul på si begeistring for institusjonen på kaia.

- Me veit å setta pris på butikken, for me har vore utan i mest to år. Det var ikkje kjekt, forsikrar Aud Halsne. Dei to andre nikkar og er einige.

 Aud Halsne, Hildegunn Halsne og Brita Gjerde meiner at Halsnøy ikkje hadde vore det same utan butikken.

8.mars 1994 blei Halsnøy råka av ein tragedie. Ein feil i det elektriske anlegget førte til at butikken brann ned til grunnen. Heldigvis blei ingen skada.

Allereie året etter gjenoppstod ein ny butikk ferdig på same stad. I mellomtida reiste Johannes til Judaberg og henta varer på handelslaget på Judaberg. På den måten klarte han å halda liv i butikken til den nye sto ferdig sommaren 1995. Året etter døyde han av kreft.

Mange prisar

- Å driva butikk på Halsnøy er ein livsstil. Arbeidsdagen sluttar sjeldan klokka 1600. Ting skjer på kveldstid og i helger, spesielt i sommarhalvåret. Grunnlaget for å kunne kan ha heilårsdrift i butikken blir lagt i sommarmånadane. Eigentleg er det ikkje liv laga for ein butikk på øya. Hadde det ikkje vore for Pakkhuset med kafeen og båthavna, vil det vore vanskeleg å halda hjula i gang. Heldigvis har me har lojale kundar og ein fantastisk arbeidsstab. Kanskje er løysinga å gå over til sommarbutikk? Eg  veit ikkje. På andre sida er det svært tilfredsstillande å sjå at anlegget me har bygd opp rundt butikken har blitt så populært og betyr så mykje for så mange. Veit du at det kjem båtar heilt frå Bergen for eta komla på torsdagen? Det gjer at det er lett å gløyma dei tunge dagane, fortel Anita.

 Reiselivsanlegget på Skartveit. Det gamle pakkhuset har blitt ein populær restaurant på sommarstid. Foto: Arkiv

At dei har fått til mykje er det ingen tvil om.

I fleire omgangar har båthavna blitt nominert til Årets  Gjestehavn. I 2014 gjekk dei heilt til topps i konkurransen og kunne smykka seg med den gjeve tittelen. I 2010 blei butikken kåra til regionsvinnar i årets beste Joker-butikk, og i 2012 blei dei Landets Beste Møteplass. I 2019 blei Wenche Årets Jokermedarbeidar, same året som ho hadde jobba i butikken i 50 år.

 Svein Langeland går aldri inni butikken med skitne sko. - Eg er godt opplært, smiler han.

Ingen vil overta

- Viss du skulle velja i dag, ville du gjort det same om igjen?

- Ja, eg ville faktisk det, trass i at eg ikkje er fødd inn butikkfamilien, slik dei andre generasjonane før oss har vore. Svigermor og eg og trivast i kvarandre sitt selskap og jobbar godt i lag. Men eg forstår at ungane ikkje er spesielt lystne på å overta. Dei har sett kor mykje som krevjast av hardt arbeid og lange dagar, spesielt om sommaren. Men slik er det. Dei er vaksne og har sine eigne liv og planar for framtida, det må me respektera. Men det er rart å tenka på at det kanskje blir slutt på butikken den dagen me gir oss, fortel Anita Ørnes.

 Radarpar. Anita og svigermor Wenche, begge Ørnes, har jobba saman i butikken i rundt 25 år.

- Me trivast i kvarandre sitt selskap og har alltid jobba godt saman, seier Anita om svigermor Wenche

Gode minner

Tove Monstad Paulsen kjem inn i butikken. Ho bur fast Randaberg, men har hatt store deler av livet sitt på Halsnøy.

- Eg har utruleg mange festlege minner frå butikken. Det var jo i og rundt butikken ting skjedde. Det var alltid eit høgdepunkt då fjordabåten klappa til kaia om ettermiddagen. Det var så spennande å sjå kven som reiste til og frå øya. Kanskje skjedde det noko spesielt? Me hadde ganske godkontroll på det som føregjekk på kaia, smilar og held fram:

- I frå butikken hugsar eg at kortstokkane låg gøymde bak disken. Mange tykte det var synd å spela kort, difor vat det best å ikkje la dei ligga framme til forargelse for mange. Det same var tilfellet med sanitetsbind. Dei var ikkje gøymde bak disken, men dei var innpakka i grått papir og låg alltid på nedste hylle, og gjerne litt langt bak. Det var andre tider ja, men veldig koseleg den gong og.

 Dette ser ein ikkje utanfor butikkane i byen.

Anita fortel at det har vore mykje mimring i butikken.

- Det er mange i dag som har snakka om den lange benken ved vindauget. Der sette dei seg ned for å drøsa medan dei venta på å bli ekspedert over disken. Eg ser føre meg at denne benken var viktig for informasjonsflyten på øya, smiler Anita som har det travelt med å servera nye kundar marsipankake.

Det blir neppe 100 nye år for Joker Skartveit.

Publisert: