I brakkeriggen skal det jobba opptil 40 med ny sjukeheim

Onsdag 18. mai begynner arbeidet for alvor med den nye avdelinga til sjukleheimen på Finnøy.

Torri Mikalsen er byggeleiar for den nybygget til sjukeheimen. I brakkeriggen i bakgrunnen skal det på det meste vera plass til 40 personar som skal jobba med byggeprosjektet.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY: -Det blir byggearbeid på nybygget i eit par års tid. Og deretter vil det gå eit til halvanna år med oppussing av det gamle sjukeheimsbygget, seier byggeleiar Torri Mikalsen til Øyposten.,

Grunnarbeidet til sjukheimstomta begynner snart for alvor, og då vil Rygjabøvegen bli stengd. Dette er også vegen mange skulebarn tar frå Judaberg opp til skulen, men nå er det laga til sti for dei forbi Innbyggartorget og Otto-huset.

Det blir også stor omlegging av trafikken i Judaberg, i forbindelse med legging av nye vatn- og avløpsledningar. Då vil det bli redusert hastighet og omkjøring via parkeringsplassen nedfor sjukeheimen.

På det meste vil det jobba 40 personar i brakkeriggen som er sett opp oppføre Næringshagen, opplyser Torri Mikalsen.

Publisert: