Denne blytunge gravemaskinen er på plass og klar til å begynna grunnarbeidet på sjukeheimtomta. Sprengingsmattene ligg også klar.
Denne blytunge gravemaskinen er på plass og klar til å begynna grunnarbeidet på sjukeheimtomta. Sprengingsmattene ligg også klar. FOTO: Rune Nedrebø

Her skal 10.000 kubikk sprengjast bort

10.000 kubikk solid Finnøy-fjell skal sprengjast bort for å gi plass til nybygget på sjukeheimen. Byggeropa blir på det meste sju meter djup.

FINNØY: Rørheim Maskin har så smått begynt arebeidet med utgraving av den to dekar store tomta.

-Byggegropa blir mellom fem og sju meter djup, opplyser Alf Magnar Rølrheim til Øyposten.

Ifølge Rørheim skal byggegropa sprengjast ut.

-Det vil nok merkast i bebyggelsen rundt, men det er strenge krav som me må halda oss innanfor, legg han til.

Utsprenginga av tomta betyr også at rundt 10.000 kubikk fjell må fraktast bort og lagrast ein annan stad på øya. Det er på nivå med massen som blei utsprengt for å gi plass til Faa Brygge. Etter planen skal grunnarbeidet vera ferdig i løpet av hausten.

Rørheim reknar med at 6-8 personar frå firmaet vil vera sysselsett med grunnarbeidet.