Regjeringa vil innføra moms på elbilar.
Regjeringa vil innføra moms på elbilar. FOTO: NAF

Forslår moms på alle elbilar frå neste år

Regjeringa vil innføra moms på alle elbilar frå 2023, samtundes som det blir lansert ei støtteordning som skal gje kompensasjon for moms på elbilar som koster under 500 000 kroner.

MILJØ: – Dette blir dyrt og uforutsigbart for bilistane. Her må Stortinget rydda opp etter Trygve Slagsvold Vedum, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF.

NAF er svært kritisk til ordninga for merverdiavgift på elbilar som blir lansert. Regjeringa vil innføra moms på alle elbilar samstundes som det blir lansert ei støtteordning som skal gje kompensasjon for moms på elbilar som kostar under 500 000 kroner.

– Det utgjer ein skilnad om momsen startar på 500.000 eller 600.000 kroner. Bilar med lengre rekkevidde kostar meir enn bilar med kortare rekkevidde. Mange familiar har behov for bil med lang rekkevidde. Derfor kan dette vera avgjerande for om ein familie vel elbil, eller beheld bensin- eller dieselbilen sin, seier Ryste.

Men samferdselsminister Jon-Ivar Nygård forvararer endringa. Fordelane ved bruk av elbilar i byane kan ha medverka til at fleire vel bilen framfor kollektivtransport, eller sykling og gonge. Statens vegvesen skal no vurdere bruksfordelane for elbilar i og nær byområda, skriv samferdselsdepartementet i ei pressemelding om saka.

– Den norske elbilsatsinga er ein grøn suksess som har inspirert andre land. Sjølv om vi ønskjer at elbilar tek over for fossilbilane, må vi sjå nærare på om vi kan innrette nokre av bruksfordelane vi har gitt elbilen betre. Elbilen er det beste alternativet om ein skal køyre bil, men vi må legge til rette for å velje kollektiv, sykle og gå, som er dei beste og grønaste alternativa i byane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.