Takknemlig for at minnesmerket omsider er reist

Pårørande til dei omkomne frå øyane under krigen er takknemlig for at minnemerket over dei endeleg er på plass. Fredsdagen, søndag 8. mai blei minnesmerket avduka utfor Sjernarøy kyrkje.

Dag Lund kom eins ærend frå Oslo for å vera med på avdukinga av minnemerket. Bestefar hans, Eilert Lund, var ein av dei som omkom under krigen.||Jostein Hidle, søskenbarn til Sverre Hidle, som blei drepen i 1940, stod for avdikinga av minnemerket.|Frå avdukinga av krigsminnesmerket ved Sjernarøy kyrkje. Håkon Eide leia seremonien, kor mange bygdefolk hadde møtt fram.|Det enkle, men stilfulle minnemerket, er laga av Vaaland Granitt.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

SJERNARØY: -Det er storarta at dette minnemerket er reist. Det er noko eg set veldig stor pris på, seier Dag Lund til Øyposten.,

Bestefar hans, Eilert Lund, var frå Sjernarøy, men familien hadde flytta frå øyane då krigen braut ut. Eilert Lund var stuert ombord i kystruta "Jadarland" som gjekk på ei mine nord for Haugesund. 24 av dei som var ombord omkom i forliset, mellom dei Eilert Lund.

-Bestemor fortale mykje om det som skjedde, seier Dag Lund. Far hans, Odd Lund, var bare åtte år då faren, Eilert Lund omkom.

-Bestemor blei sitjande åleine igjen med tre barn, to guttar og ei jente. Far min var eldstemann i søskenflokken. Det var tøft for henne, men heldigvis fekk ho god hjelp og støtte av familien sin i Oslo, seier Dag Lund.

Dag Lund bur i Oslo, men tok turen eins æren for å vera med på avdukinga av minnesmerket. Bestefar hans var faktisk fødd 8. mai, noko som gjorde dagen ekstra symboltung for han.

 Håkon Eide leia seremonien, kor mange bygdefolk hadde møtt fram.

Mange bygdefolk hadde møtt fram i det fine mai-vêret for å vera med på avdukinga, som blei leia av Håkon Eide frå Ombo.

Minnemerket er laga av Vaaland Granitt, og er ein stein med ei bronseplate med navna til dei fire frå Sjernarøy og Ombo som omkom på sjøen under krigen. I tillegg er det ein tekst som heidrar dei som gjorde ein innsats under krigen og kom heim igjen.

I talen sin sa Håkon Eide at minnesmerket eigentleg kjem 70 år for seint. Krigen i Ukraina gjer markeringa endå meir aktuell, meinte han, noko han fann både skremande og tankevekkande.

Eide kom også inn på det møysommelege arbeidet som hadde vore for å få minnemerket på plass, og retta ein spesiell takk til Jostein Hidle og Jogeir Aartun for deira arbeid med dette. Han takka også bygdefolket for å ha gitt pengar til minnemerket.

 Jostein Hidle, søskenbarn til Sverre Hidle, som blei drepen i 1940, stod for avdukinga av minnemerket.

I den samanheng kunne ikkje Eide dy seg for å retta eit spark til Stavanger kommune, som avslo søknaden om 35.000 kroner til minnesmerket. I staden klarte han og Jostein Hidle å stabla pengane på bordet i løpet av eit par timar ved å banka på dørene i Sjernarøyane og på Ombo.

Ordføraren var invitert, men ga beskjed om at ho var oppteken på anna hald. Derimot var leiaren av kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland til stades.

Minnesmerket er plassert ved sida av Alfred Hauge-bysta, kor det nå skal lagast til ei sitjegruppe. Både dette og stellet av dei to monumenta er det nå kyrkjeleg fellesråd som skal ta seg av.

Sjølve avdukinga var det Jostein Hidle som stod for. Han er søskenbarn til matros Sverre Hidle, som omkom 17 år gammal på hospitalskipet "Brand IV" ved Ålesund i 1940. Jogeir Aartun la ned krans frå bygda på minnesmerket, mens Kjell Magne Olsen la ned krans frå Stavanger Søemandsforening.

 Det enkle, men stilfulle minnemerket, er laga av Vaaland Granitt.

I forbindelse med avdukinga ga Håkon Eide også oppmerksomhet til nokre av dei andre frå øyane som bidrog under krigen, som Anker Tandrevold, Torbjørn Austbø, Andreas Paparobski, Olav Kyle og Johannes Langvik. Eide varsla også at innsatsen under krigen vil koma fyldig fram i kultursoga for Sjernarøy og Ombo som er under arbeid.

Mellom dei pårørande som var til stades, var Jan og Arvid Tandrevoll, sønnene til Anker Tandrevold og Kjell Bjørn Aaserød. Også dei rosa innsatsen for å få minnemerket på plass.

-Det er ikkje alle som har ei grav å gå til, men nå har me i alle fall eit minnesmerke, seier Kjell Bjørn Aaserød.

Onkelen hans, 3. maskininst Konrad Aaserød frå Tjul i Sjernarøyane, omkom då tankbåten "Borgny" eksploderte i eit flammehav etter å ha blitt angripen av ein norsk MTB 4. oktober 1941 i Korsfjorden ved Bergen.

Publisert: