Sommarfest på Finnøy i Fleirbrukshallen

Endeleg er det innanfor med fest igjen, i juni skal det bli god gang med duoen «Rabalders» i «Hallen».

Øyvind Eikre t.v og Harald Undheim kjem til fleibrukshallen 11.juni. Foto: Privat
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY:

Laurdag 11. juni spelar duoen "Rabalders" opp til dans i Fleirbrukshallen.,

Øyvind Eikre frå Hemsedal og Harald Undheim frå Jæren leverer under mottoet: Goe gang & allsang! Duoen har lang fartstid både med danseband og folkemusikk.

Når det gjeld sjanger skriv "Rabalders" om seg sjølv at dei spelar typisk bygdemusikk, altså variert dansemusikk med hovudvekt på countryrock, dansebandlåtar og gamle hits. Alt med høg partyfaktor.

"Rabalders" har blant anna vore oppvarmingsband for Hellbillies. Elles spelar dei på forskjellige tilstellingar over heile landet, og er kjent for å skapa god stemning.

Det blir sal av øl og vin i fleirbrukshallen.

Publisert: