Koronarestriksjonar fjernes: Mange gler seg til «normalen» som før mars 2020

På regjeringens pressekonferanse tirsdag blei det varsla at fleire restriksjonar oppheves. Det er spesielt godt nytt for kultur- og idrettslivet, men også for vanlege folk som savner sosiale sammenkomster.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

KORONARESTRIKSJONAR: Nå får du blant anna lov til å sitte ved siden av ein fremmed person kinosalen, drikke pils på byen etter klokka 23, og gå på organisert idrett som før pandemien. Opplevelsar, som før korona, var så normale at du ikkje tenkte over det. Og slik skal det nok bli igjen.

Det er kjekt for både folk og arrangørar.

– Eg synest det er veldig greit at dei fjerner fleire av desse restriksjonane. Eg byrja å bli litt lei, men eg synest det er betryggande at ikkje alle tas vekk heilt ennå. At dei tar det litt sakte, seier finnøybu Cindy Enoksen.

– Blei «normalt»

Cindy Enoksen seier ho ser fram til å gå på kino og andre tilstelningar, og likevel kunne føle at det faktisk er trygt å treffe folk. Det er i arbeidslivet ho har lagt mest merke til pandemien.

– På Finnøy har me vel ikkje merka restriksjonane så mykje, trur eg. Men eg jobber som kokk på sjukeheimen, så der har me jo fått merke at det har vore strengt. Men det har for så vidt gått greitt. Det er rart kva som kan bli som «normalt» for oss etter ei stund. Eg er glad for at me endeleg ser lys i enden av tunnelen, på denne pandemien, seier Enoksen.

https://www.oyposten.no/2022/02/01/her-er-de-nye-korona-reglene/

 Inger Lise Jørgensen (bak) og Brita Nærheim ved Kulturhuset Meieriet er nøgd med dei nye lettelsane.

På kulturhuset Meieriet på Rennesøy avventer dei med å arrangere så mykje meir, før ting har fått roa seg.

– Me er nøgd med lettelsane som kom. Me har foreløpig ingen planar om konsertar eller anna. Trur folk treng tid på å venne seg til ein normal kvardag, og tenkjer at konsertar og større samlinger kanskje ikkje er det første folk strøymer til, skriv styreleiar Inger Lise Jørgensen, i ein sms til Øyposten.

– Men når det vårast og er tidleg sommar kan det vera aktuelt med meir, og større, arrangement for vår del i Meieriet, seier Jørgensen.

 Tove Rosland får nok solgt mange fleire gongkaker når alle restriksjonane er borte.

Positiv «konsekvens»

Tove Rosland på Kaihuset synest det er fint med litt lettelsar no.

– Eg tenkjer det er heilt greit, trur det er ei veldig passeleg tid å gjera det på, verken eller.

Kaihuset har med jevne mellom rom hatt arrangement som for eksempel strikkekafè. Det har ho også halde nær som vanleg, den siste tida. No er det ennå mindre å tenkje på når det gjeld retningslinjer.

– Det har ikkje vore noko problem å halde meteren, då det ikkje har vore så mange folk på desse. Så me har merka det litt. Men tidlegare i haust hadde me det jo nær som normalt. Nå er det jo ope for slike arrangement igjen, slik som «Kvinner, mat og tru» med kaffedrøs og gjest. Det har ikkje blitt halde sida før pandemien.

– Joda, me har merka det. Mykje munnbind, og mindre aktiviteter. Men me hadde faktisk ein positiv «konsekvens» med meir feriegjester her, sidan mange drog på norgesferie, seier Rosland.

Forsiktig optimist

– Me er optimistar no, seier Arild Flesjå.

Dei har fått kjenne koronarestriksjonane på kroppen i Fleirbrukshallen på Finnøy. Fleire arrangement har måtte avlyses, og det har påverka idrett og organisasjoner hardt. Den venta konserten med Vassendgutane som mange øybuar såg fram til førre desember, måtte avlysas, for andre år på rad.

 Styreleiar i Fleirbrukshallen, Arild Flesjå, er glad for nye lettelsar.

Men etter gårsdagens pressekonferanse er styreleiar Flesjå, altså ein forsiktig optimist.

– Aktivitetane er på veg opp igjen. Me seier at dei som skal drive aktivitet får førehalde seg til dei anbefalingane som er gitt. Men, det er bortimot normalt for idrett og slik igjen. Så det er bra.

Styret i Fleirbrukshallen hadde styremøte i går, for å sjå på eventuelle aktivitetar videre dette året.

– Når det gjeld egne arrangement så skal me ikkje ha noko i hallen før til hausten, tenkjer me. Kanskje til sommaren. Viss det blir Tomatfestival må me jo ha «tomatdans», det har me ikkje hatt på to år!

Vassendgutane er heller ikkje vonde å be, trass avlysingar. Tredje gangen kan det skje.

– Dei er greie å ha med å gjera, så me sikter på å ha konserten 12. november i år, avslutter Flesjå.

Publisert: