Snart blir det buss mellom Judaberg og Stavanger

Men, det er ikkje fyrste ledd i avskaffelse av hurtigbåten, lovar Jarle Bø, medlem i samferdelsutvalet i fylket.

Nå er det ikkje lenge før rutebuss blir eit vanleg syn også i denne delen av kommunen. Illustrasjonsfoto.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER:

I fjor vår vedtok samferdeslutvalet i fylkeskommunen ei sak om utprøving av ekspressbuss frå Judaberg til Stavanger.,

Bakgrunnen for vedtaket er at fylkeskommunen ynskjer eit samspel mellom buss, båt og ferjer for å dra nytte av fastlandsforbindingane i denne delen av kommunen.

Betre tilbod

Jarle Bø, seier til Øyposten at forslaget er i ferd med å bli sett ut i livet. Den fyrste ekspressbussen kan gå frå Judaberg til Stavanger og vidare sørover, om ganske kort tid.

- Eg kan ikkje sei heilt sikkert tidspunkt for oppstart. I budsjettet som blei vedteke i desember i fjor ligg det midlar inne til busstransport, så alt er i orden, det er berre tid om å gjera, opplyser Bø.

,-

Betyr dette at det blir buss i staden for hurtigbåt frå Finnøy til Stavanger?

-Nei, det gjer det ikkje. Det vil alltid gå hurtigbåt frå Stavanger til Ryfylke, det treng ein ikkje uroa seg for. Det kan sjølvsagt henda at det blir enkelte endringar i båtrutene, men tilbodet med ekspressbuss er ikkje i staden for hurtigbåt, men i tillegg til. Me ynskjer å utnytta betre dei store investeringane som er gjort i Finnfast, Rennfast og Ryfast, og komplettera og gjera kollektivtilbudet endå betre. Å driva hurtigbåtane er kostnadskrevjande, så det er naturleg at det kan bli gjort enkelte justeringar på rutene. Men målet er at dei som er mest avhengig av hurtigbåt skal ha det beste tilbodet. Dessutan er jo også slik at ikkje alle skal til Stavanger sentrum, og då vil ekspressbussen vera eit godt alternativ. Det same gjeld for Hjelmeland.

- Korleis blir ruta til ekspressbusen?

- Det veit eg ikkje ennå, men det er grunn til å tru at det blir ekspressbuss frå Judaberg, men om det blir byte av buss på Rennesøy, er for tidleg å sei, avsluttar Jarle Bø.

Publisert: