Går til kamp for tryggare vegkryss på Rennesøy

I kjølvatnet av den tragiske trafikkulukka i Nordbøkrysset på E 39 for vel ei veke sidan, tok Suzanna Freeman-Fanulsen frå Østhusvik initiativ til å oppretta facebookgruppa «Vi som ønsker rundkjøringer på E39 på Rennesøy»

Suzanna Freeman Fanuelsen frå Østhusvik vil ha sikrare vegkryss på E39 i Rennesøy. Foto: Privat||
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Gruppa har per i dag 26 medlemmar.,

Det var Bygdabladet som fyrst skreiv om saka.

- Det er utruleg mykje trafikk på strekninga forbi krysset, spesielt i helgene. Sitausjoen er den same på Sokn og Askje også, alle tre er farlige kryss. Eg har sjølv stått i Nordbøkrysset og venta på trafikken frå Mortavika. Det har faktisk hendt  eg har svinga til høgre og køyrt til Sørbø for å snu og køyra tilbake igjen, seier Freeman-Fanuelsen til Øyposten.

- Kva ønskjer Facebookgruppa å oppnå?

- Å legga press på dei ansvarlege. Eg lufta problemstillinga for ein ungdomspolitikar men han trudde neppe me ville komma vidare i og med at Rogfast kjem om 10 år, og problemet vil vera borte. Men poenget er at 10 år er lang tid. Unasett, me har sett fokus på saka i håp om å få eit betre kryss. Viss ingen gjer noko, skjer det garantert heller ingenting, seier Suzanna Freeman Fanuelsen.

Publisert: