Søndag er det klart for første gudsteneste i Bethel, etter at Hesby-kyrkja blei stengd for oppussing. Den første gravferda har alt vore frå bedehuset på Judaberg.
Søndag er det klart for første gudsteneste i Bethel, etter at Hesby-kyrkja blei stengd for oppussing. Den første gravferda har alt vore frå bedehuset på Judaberg. FOTO: Rune Nedrebø

Har rydda og gjort plass til gudsteneste i bedehuset

Søndag er det klart for første gudsteneste i Bethel, etter at Hesby-kyrkja blei stengd for oppussing.

FINNØY: Hesby kyrkje er stengd i tre månader framover, og i den perioden vil gudstenestar og andre kyrkjelege handlingar foregå i Bethel på Judaberg.

-Nå har me vaska og rydda, og gjort alt klart til å ta mot presten og kyrkjelyden, seier leiaren i styret for Bethel, Tor Øyvind Skeiseid til Øyposten.

Oftedal stod bak

Bedehuset frå 1878 er bygd etter initiativ frå presten, pressemannen og politikaren Lars Oftedal.

-Om det har vore gudsteneste her før, veit eg ikkje, men det er ikkje usannsyleg. Men etter kva eg har høyrt var det bedehuset Emmaus i Steinnesvåg som blei brukt sist gong kyrkja fekk ei generaloppussing, rundt 1960. Derimot har det vore gravferder her før, seier Skeiseid.

Bedehuset Bethel er bygd i 1878, etter initiativ frå Lars Oftedal.  Enkelte utanforståande har trudd at den flotte steinbygningen er «Finnøy-kyrkja». FOTO: Rune Nedrebø

Pandemien gjer at det ikkje er gjort plass til fleire enn 50, men det er lett å utvida, viss det skulle bli tillatt.

I 1879 var det heile 1600 personar innanfor dørene for å høyra Lars Oftedal preika.

-Det må ha vore rekorden, då må det har vore skikkeleg trongt om saligheten, meiner Tor Øyvind Skeiseid.

Ny giv for Bethel

Bedehuset over alle bedehus på Finnøy, Bethel, er ikkje lenger like hyppig i bruk som før, sjølv om det var Lars Oftedal sin «juvel». Det er også det eldste bedehuset i Ryfylke, opplyser Skeiseid, Bare bedehusa på Tau, Hjelmeland og Sand var eldre, men alle desse er nå borte. På talarstoplen i Bethel har kjente predikantar som både Oltedal, Foldøen og Aano stått.

Før pandemien blei Bethel mykje brukt til «Vandring i bedehusland». Nå blir det mest brukt til konfirmasjonssamlingar og møter i«Vi over 60», men det er også møter inn imellom i  bedehuset sin regi.

Når Hesby menighet inntek bedehuset, får det difor på ein måte ein ny giv. Sjølv om bedehuset og kyrkja ikkje alltid har gått så godt saman, meiner Tore Øyvind Skeiseid at dette er noko som i hovudsak tilhøyrer fortida.

-Det var i alle fall før mi tid, og sjølv brukar eg både bedehuset og kyrkja, seier han, og ynskjer presten i Hesby velkommen på søndag.