Parkeringsplassen til Emmaus får stå i ferd, det trur gruppeleiar i kommunestyret i KrF Henrik Halleland.
Parkeringsplassen til Emmaus får stå i ferd, det trur gruppeleiar i kommunestyret i KrF Henrik Halleland. FOTO: Rune Nedrebø

Emmaus bedehus fryktar å mista parkeringsplassen

Styret i bedehuset Emmaus i Steinnesvåg fryktar for kva som kan skje med nabobygget når barnehagen blir lagt ned i sommar.

FINNØY: Grunnen til bekymringen er at bedehuset og barnehagen har felles parkeringsplass, og styret er redd desse kan forsvinna viss bygget blir selt.

– Bedehuset har lagt ned mange dugnadstimar på parkeringsplassen. Blant anna har me fått området oppmerka og laga handikap-parkering. Og om ikkje lenge kjem det lys på parkeringsplassen. Viss bygget blir selt til private kan me risikera å mista parkeringsplassane. Bedehuset har gjort ein stor jobb her, fortel Astrid Hakestad Throndsen.

I haust blei det klart at kommunen vil legga ned drifta i barnehagen på grunn av for få born.

– Eg trur ikkje det er grunn til bekymring. I vedtaket  som blei gjort heiter det at drifta av bygget skal tas opp igjen dersom det er nok born. Eg har ikkje sett eller høyrt at det er andre planar for bygget, seier gruppeleiar i kommunestyret i KrF, Henrik Halleland.

Kva med sal?

– Nei, det trur eg heller ikkje. Om så skulle skje, må eventuelt bedehuset gå i dialog med kommunen og få ei løysing, men eg trur ikkje det vil skje. Det hadde vore kjekt viss nokon ville leigd huset i staden for at det står tomt, men det er ein annan sak, seier Halleland.