Skjenking til klokka 23, og testing erstattar karantene

Regjerninga lettar på korona-tiltaka. Mellom anna blir det lov å servera alkohol på barar og restaurantar fram til klokka 23. Det blir også kravet om gult nivå i skular barnehagar og SFO og rødt nivå i vidaregåande skular blir droppa.

COVID 19:  Kommunane kan likevel bruka gult nivå i skular, barnehagar og SFO viss smitten gjer det nødvendig. Vidaregåande skular går over til grønt nivå, men også her er det smitten på den enkelte skule som avgjer tiltaksnivå.

Det blir skjenking til klokka 23, og det blir presisert at skjenking skal skje ved borda. Karantene skal i stor grad erstattast av bruk av heimetestar. Men det blir fortsatt krav om 10 dagar karantene for hustandsmedlemmer ved smitte. Ved negativ test kan karantene reduserast til sju dagar. Karanteneplikta gjeld ikkje personar som har tatt dose tre.

Det blir også anbefalt å unngå kollektivtrafikk i rushtida og å leggja til rette for heimekontor.

All aktivitet i idrett utandørs skal kunna gå som normalt, på kino og kulturarrangementer blir det lov å ha inntil 200 i salen på faste, tilviste plassar.