Nordbøkrysset på Rennesøy.
Nordbøkrysset på Rennesøy. FOTO: Statens vegvesenBilde 1 av 2
..og etter ryddinga og flyttinga av rekkverket.
..og etter ryddinga og flyttinga av rekkverket. FOTO: Statens vegvesenBilde 2 av 2

Nordbøkrysset: Fjerde ulukka på 10 år

Torsdag 6. januar skjedde det ei alvorleg trafikkulukke i Nordbø-krysset på Rennesøy. Ifølge Statens vegvesen er det den fjerde ulukka på 10 år.

RENNESØY: Mange som kjem frå Finnøy eller Rennesøy fryktar dette krysset kor fylkesveg 519 Hanasandveien møter E39.

På den rette strekninga kan bilane halda høg fart, og ved låg sol og motlys kan det vera vanskeleg å ha oversikt over trafikken. Viss det kjem ein større bil som blinkar inn mot Finnøy, kan det liggja ein annan rett bak som skal vidare nordover. Då kan det fort gå gale viss ein bilist skal kryssa E39 frå Hanasandveien for å kjøra sørover.

Statistikken Øyposten har fått frå Statens vegvesen viser at det har vore tre trafikkulukker i krysset sidan 2011 som er rapportert til politiet, før den siste. Fire personar er lettare skadde i desse tre ulukkene. I den siste ulukka blei ein person alvorleg skada.

Ulukka for ei veke sidan skuldast at føraren, som kom frå fylkesveg 510, ikkje overheldt vikeplikta, opplyser politiet. Saka er fortsatt under etterforsking.

Ifølge byggeleiar Einar Hauge i Statens vegvesen blei det i desember rydda i krysset for at det skulle bli betre oversikt for trafikken nordover, som kjem frå Mekjarvik. Trær som skugga for utsikten nordover blei fjerna, og rekkverket blei flytta lenger frå vegen dei siste 20 metrane før krysset. Men sørover, mot tunnelen, er det ikkje gjort noko.

«Når det gjelder spørsmål om tiltak etter trafikkulykke 06.01.22 vil dette avhenge av hva som kommer fram i politiets etterforskning av saken», skriv Hauge i ein epost til Øyposten.