Krevjande å få endane til å møtast

Straumrekninga i Fleirbrukshallen blei mellom 50.000 og 100.000 kroner dyrare i fjor enn i 2019, sjølv med atskilleg mindre aktivitet på huset.

Fleirbrukshallen på Finnøy har fått høge straumrekningar.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Leiar i hallen, Arild Flesjå seier til Øyposten at dei høge straumprisane får konsekvensar for drifta.,

- Det er heilt klart det får konsekvensar for oss når straumprisane mangedoblast. Ekstra utgifter til straum, må reduserast tilsvarande på andre postar. I fjor fekk me ikkje høve til å søka statleg koronastøtte fordi me har feil selskapsform, så det er klart det røyner på, seier Flesjå.

Søknadsfristen for å søka er 22. januar.

 Arild Flesjå er styreleiar i Fleirbrukshallen.

Heldigvis har det orda seg slik i no at Fleirbrukshallen likevel kan søka staten om støtte til bortfall av inntekter. Maksbeløpet er 70 prosent av intteksttapet.

,-

Kva tiltak gjer Fleirbrukshallen sjølv for å redusera utgiftene?

- Me gjer sjølvsagt alt som går an å gjera utan at det går utover aktivitetane. På grunn av pandemien er det for tida mindre aktivitet på huset enn vanleg. Så lenge drifta inneber bruk av garderobar, går det ikkje an å skru av varmen eller det varme vatnet. Men me stengde ned i jul -og nyttårshelga.

På grunn av pandemien måtte Fleirbrukshallen blant anna avlysa arrangementet med Vasenggutane i haust. Det resulterte i eit inntektsbortfall på rundt 150 000 kroner netto.

Coop-Finnøy donerte i fjor èin prosent av kjøpsutbyttet i november og desember til Fleirbrukshallen, som blei ein sårt tiltrengt sjekk på 81 289 kroner til hallen.

I tillegg får Fleirbrukshallen 75 000 kroner i året av kommunen i støtte, men etter at Finnøy blei ein del av Stavanger auka dei kommunale avgiftene frå 7000 kroner per år til vel 38 000 kroner.

- Det utgjer eit stort innhogg i kassa. Med skyhøge straumprisar og redusert aktivitet i tillegg, er det utan tvil krevjande å driva denne butikken på dugnad, avsluttar Arild Flesjå.

Publisert: