Årets festivalkomite med Silje V. Flesjå i midten. Frå venstre bak: Johan Eggebø, Aksel Tungland, Sissel Marie Bjerga, Kirsten Vestergaard Eike. Frå venstre framme: Kjetil Gård, Edle Skavland, SIlje Vignes Flesjå, Ragna Nordbø, Kolbjørn Setvik.
Årets festivalkomite med Silje V. Flesjå i midten. Frå venstre bak: Johan Eggebø, Aksel Tungland, Sissel Marie Bjerga, Kirsten Vestergaard Eike. Frå venstre framme: Kjetil Gård, Edle Skavland, SIlje Vignes Flesjå, Ragna Nordbø, Kolbjørn Setvik.

Vel blåst, Tomatfestivalen

Trass i stor usikkerheit og krevjande forhold blei fjorårets tomatfestival einsuksess, også økonomisk.

FINNØY: Det har vist at seg at ein pandemi ikkje er nok til å ta knekken på Tomatfestivalen. Fjorårets festival omsette for opp mot 1,5 millionar kroner som er nær 300 000 meir enn normalåret 2019. Sluttresultatet blei cirka 30 000 kroner i pluss.

– Det høyres ikkje mykje ut med 30 000 kroner, men så er heller ikkje festivalen kommersielt forankra. Vårt mål er alltid å skapa engasjement og mest mogleg gode opplevingar for folket, ikkje å tena pengar. Med forutsetningane me hadde i fjor, er me sjølvsagt kjempegodt nøgde med resultatet. Faktisk kunne me aldri sett føre oss eit slikt resultat med tanke på alle dei utfordringane og tett på- avgjerslene me heile tida måtte ta, fortel koordinator Silje V. Flesjå, som gir styret og komiteen mykje av æra for suksessen.

– Ja, det gjer eg. Styret ga oss rom til å satsa sjølv om det meste me føretok oss var høgst usikkert. Dei sto bak og heia fram forslaga frå ein dyktig og kreativ komité.

Meir sponsorinntekter

Sponsorinntektene auka også i forhold til tidlegare år.

– Det er me i alle fall godt nøgde med, smiler Silje og held fram: Fjoråret var eit tøft år for alle,   også lokalt næringsliv. Likevel var dei med å støtta oss.

Også kommunen var strålande nøgde med gjennomføringa. Ikkje ein einaste smittesporing førte tilbake til tomatfestivalen.

– Fjorårets tomatfestival har vist at sjølv ikkje ein pandemi kan stoppa oss. Når me har klart denne, kan me takla det meste, smiler koordinator Silje V. Flesjå.