Leiar for Finnøy kommunedelsutval, Birger W. Hetland (Sp) .
Leiar for Finnøy kommunedelsutval, Birger W. Hetland (Sp) . FOTO: Arkivfoto

Solid ekstrapott til frivillige i Finnøy

Det blir ein kraftig auke i løyvinga til frivillige lag og organisasjonar i Finnøy. Søknadsfristen til første tildelingsrunde er 1. februar.

FINNØY: Potten er auka med heile 350.000 kroner, frå 150.000 kroner i fjor. Det blei vedteke i budsjettet for Stavanger kommune før jul. Totalt er det nå ein halv million kroner til utdeling, halvparten nå i vår, og resten til hausten.

-Det var sett av for lite pengar til Finnøy i utgangspunktet, difor blei beløpet auka, opplyser leiar i kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland til Øyposten.

I budsjettet frå kommunedirektøren står det at dette er ei ny ordning, og det er viktig å sikre likebehandling av Finnøy og Rennesøy. Pengane skal gå til aktivitetar og arrangementer i nærimiljøet.

-Har det vore stor rift om pengane?

-Ja, me har ikkje hatt problemer med å bli kvitt dei, pågangen har vore større enn beløpet me hadde til disposisjon, seier Hetland, som bed lag og organisasjonar vera merksam på søknadsfristen, og koma med gode søknader.

Det er kommunedelsutvalet i Finnøy som fordeler pengane.