«Gyda» kjem ikkje til Ryfylke

Det blir grått og vått i dag og i morgon, torsdag, men me slepp heldigvis ekstremvêret som herjar lenger nord på Vestlandet.

Det blir grått vêr i dag og i morgon på Finnøy, men det lysnar på fredag.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

Statsmeteorolog Susana Reuder ved Meteorologisk institutt i Bergen fortel at det blir pålandsvind, skyer og ein del nedbør resten av dagen, og at det det kjem inn ein ny nedbørsfront i morgon, torsdag.,

- På fredag derimot dreier vinden og det blir færre byger. Det skal klarna opp, og det kan til og med bli mogleg å sjå sola, seier Reuder.

Men allereie fredag kveld blir det tilskyande igjen og det same er tilfellet på laurdag. Sundag blir det litt mindre bygeaktivitet, og det kan tenkast at går an å få eit gløtt av sola mellom regnbygene.

Prognosane for neste veke er meir av det same; regn og gråvêr.

Publisert: